GDPR – Nytt personvernregelverk

Universitetet i Oslo forvaltar enorme ressursar i form av personopplysningar, enten det er snakk om opplysningar om tilsette, studentar, pasientar eller forskningssubjekt. Det er difor viktig at alle tilknytt universitetet, enten det er studentar, tilsette eller forskarar, bidreg til å verne om verdien personopplysningar har.

Kva er GDPR?

GDPR står for General Data Protection Regulation og er EU sin nye lovgivning (forordning) på personvernområdet, som skal gjelde for heile EU/EØS frå rundt 1. juli 2018 (tidlegare frist var 25. mai). UiO har oppretta eit prosjekt som skal jobbe med å innføre det nye personvernregelverket. 

Kva er nytt?

GDPR skal implementerast som norsk lov, og kjem til å erstatte dagens personvernlovgivning. I hovudsak videreførast dagens lovgivning, men den blir meir detaljert slik at personvern styrkast og regulerast likt i heile EU/EØS.

Kontakt

Kontakt prosjektet på e-post, gdpr-prosjekt@uio.no, for spørsmål og førespurnader.