English version of this page

Sette startside (heimeside) i nettlesaren

Om du ynskjer, kan du sette kva for nettside som nettlesaren viser med ein gong du opnar han. På UiO kan det vere praktisk å sette denne startsida til å vere di personlege for ansatte-startside.

Korleis du sett startside, kjem an på kva for nettlesar du bruker. Nettlesarane er like på dei forskjellige operativsystema, så rettleiinga for til dømes Chrome, gjeld for Chrome både på Mac, Windows og Linux.

Internet Explorer

  1. Klikk på Innstillingar-tannhjulet oppe i høgre hjørnet av nettlesaren.
  2. Klikk på «Internet Options».

  1. Under fana «General» i dialogboksen som dukkar opp, kan du skrive inn nettadressa (URL) til sida du ynskjer å ha som heimeside.

  1. Om du står på sida du ynskjer å bruke som startside, kan du klikke på «Use current»-knappen.
  2. Du kan også opne fleire faner samtidig når du startar nettlesaren. Det gjer du ved å skrive inn ei nettadresse per linje i tekstboksen.

Chrome

  1. Opne Chrome.
  2. Klikk på ikonet øvst til høgre – som viser tre tjukke strekar ELLER klikk på «Chrome» øvst til venstre og klikk «Valg».

  1. Vel «Innstillingar» – nest nederst i menyen som dukkar opp.
  2. Under «Utseende», klikk «Vis startsideknapp». Det vil då dukke opp eit nytt val under. Her kan du endre kva side du kjem til når du trykker på Startsideknappen. For å endre selve oppstartssiden, se fra punkt ni og videre.

  1. Klikk «Endre» – ved sidan av «Siden Ny Fane».
  2. Vel «Åpne denne siden».

  1. Fyll inn URL til startsida du vil bruke.
  2. Klikk «OK».
  3. Under «Ved oppstart» kan du velje kva som skal skje når du startar nettlesaren. Vel «Åpne en bestemt side eller et sett med sider» og klikk på «angi side».

  1. Fyll inn nettadressa til sida du ynskjer skal vere startsida. Om du allereie sto på sida då du gjekk inn på innstillingane, kan du klikke «Bruk nåværende side». Klikk OK.

Safari

  1. Opne Safari
  2. Klikk på «Safari», øvst i venstre hjørne.
  3. Klikk på «valg».

  1. Ein dialogboks dukkar opp. I «Generelt»-fana kan ein lett endre startside. Lim inn lenka til nettsida du vil ha som startside i «Startside»-tekstboksen eller klikk på «Bruk nåværende side» om du allereie er inne på den rette sida i Safari.

Firefox

  1. Opne Firefox.
  2. Klikk på ikonet som viser tre tjukke linjer – du finn det øvst i høgre hjørne i nettlesaren.

ELLER

Klikk på «Firefox» i menyen, øvst til venstre.

  1. Her får du fram fleire val. Klikk på «options», eller «Innstillingar» om du har norsk språk. Knappen ligg nedst i midten.

  1. Under fana «General» eller «Generelt» kan du velje både standardnettlesar og startside.
  2. For å sette Firefox som standard nettlesar, klikk på firkanten ved sidan av «Always check if Firefox is your default browser», eller «Alltid sjekk om Firefox er standard nettlesar».
  3. For å setje ny startside, legg inn lenken til den sida du ynskjer som startside i tekstboksen ved sidan av «Home Page» eller «Startside».
  4. Klikk på vala ved sidan av «When Firefox starts»/«Når Firefox startar» for å velje kva som skal skje når du opnar nettlesaren.

Publisert 4. nov. 2015 13:09 - Sist endret 30. nov. 2015 14:34