print logo

Pressehandtering

Kommunikasjonsavdelinga gjev råd og rettleiing når det gjeld alle typar pressehandtering. Vi har samla ei rekkje råd og tips som du finn i menyen til høyre.

Kven ved UiO kan uttala seg til media?

I faktasaker

Den som har saksansvaret kan uttala seg, dersom spørsmåla berre gjeld fakta. Seksjonsleiaren har ansvaret, men kan delegera det til saksbehandlar der det er naturleg.

Om fag og forsking

Alle forskarar står i hovudsak fritt til å uttala seg om eiga forsking. Dei som er sette til å formidla forsking, må gjera det i samråd med forskarane.

Om policy-spørsmål

Institusjonelle policy-spørsmål vert handterte av rektor/universitetsdirektør. Fakultære policy-spørsmål tek dekan seg av. Dekanane vil dessutan ofte koma til å uttala seg om policy på institutta når saka også gjeld fakulteta. Men det kan vera saker med ei så klar lokal forankring at det er unaturleg at ikkje instituttleiaren uttalar seg. I spørsmål der det er usemje om ei sak eller om kven som bør uttala seg, går saka oppover i systemet. Dei faglege leiarane på ulike nivå kan velja å delegera ansvaret til ein annan fagleg eller administrativ person når det trengst.

Kommunikasjonsavdelinga si rolle

Kommunikasjonsdirektøren og Kommunikasjonsavdelinga har eit rådgjevande ansvar og kan etter behov gje innspel om "timing", vinkling, målgruppevurdering, val av mediekanalar og verkemiddel. Kommunikasjonsdirektøren kan også få delegert ansvaret som pressetalsperson. Det kan i somme høve henda at ansvaret i ei akutt knipe må bli teke av kommunikasjonsdirektøren, dersom ingen andre er til stades og fullstendig teiing frå institusjonen si side ville kunna bli tolka i ei svært uheldig retning.

Om personalsaker

I personalsaker må det haldast streng disiplin i å følgja alle reglar om personvern. Det treng ikkje alltid tyda ’ingen kommentar’, men medvitet om kva som kan seiast må vera svært høgt, og ansvaret ligg i linja som har personalansvaret.

Om studentar

Omtale av studentar skal alltid handterast på høgt nivå. Opplysningar om enkeltstudentar kjem inn under teieplikta, på lik linje med personalsaker.

Publisert 19. sep. 2008 09:22 - Sist endret 7. sep. 2012 08:59