print logo

Når journalisten ringjer

Her er nokre gode råd om kva du skal gjere når journalister ringjer.

Kva?

Finn ut kva journalisten vil ha svar på.

Ring opp att

Be om telefonnummer og sei at du skal ringja henne opp igjen i løpet av omlag 30 minuttar.

Kven?

Undersøk om det er nokon i avdelinga som kan svara på spørsmålet frå journalisten, eller om det må vera rektor, universitetsdirektør, ein fagdirektør, dekan eller forskar el.a.

Kontakt intervjuobjektet for ein avtale

Finn fram til eitt eller fleire telefonnummer som den rette personen kan treffast på innanfor eit visst tidsrom, og be vedkomande om å ta eit intervju med ein journalist.

Ring opp journalisten og gje henne namn og telefonnummer på den personen som kan svara på spørsmåla hennar.

Sitatsjekk

Den som er blitt intervjua av ein journalist, har rett til å få ein sitatsjekk via telefon eller e-post før artikkelen kjem på trykk. Avtal dette direkte med journalisten.

Publisert 19. sep. 2008 09:37 - Sist endret 22. okt. 2012 10:41