English version of this page

Innovasjonsarbeidet i UiO:Livsvitenskap i gang

UiO:Livsvitenskap skal, i samsvar med UiO sin strategi for livsvitskap, fremme innovasjon innan miljø og helse. Arbeidsgrupper er i gang med å finne ut kva tiltak satsinga skal sette i gang i 2017.

Logoer for alle aktørene.

Innovasjonsarbeidsgruppene har deltakarar frå fleire fakultet, institutt og senter ved UiO samt ei rekke eksterne samarbeidspartnarar.

Administrativ leiar i UiO:Livsvitenskap, Morten Egeberg, har oppretta fire arbeidsgrupper med interne og eksterne representantar som skal gi innspel til

  • korleis satsinga skal jobbe med ulike miljø på og rundt UiO for å bygge eit innovativt kraftsenter for livsvitskap i Osloregionen
  • kva som er flaskehalsane for å få meir innovasjon ut av UiO i dag
  • kva tiltak satsinga kan sette i gang for å gjere noko med flaskehalsane og nå måla til satsinga

Etter innleiande møte i kvar gruppe, skal det lagast ei mindre, meir permanent, arbeidsgruppe som skal kome fram til kva tiltak satsinga skal sette i gang i 2017. Dette kan òg vere tiltak i relativt liten skala for å få betre forståing av kva som gir god effekt og kva som ikkje bør førast vidare – ei rask-prototyping-tilnærming.

Av Norunn K. Torheim
Publisert 3. mars 2017 10:18 - Sist endra 9. mars 2017 09:13