English version of this page

Forskar og gründer: God samfunnsøkonomi i betre behandling av betennelsessjukdomar

Forskar Geir Åge Løset starta firmaet Nextera basert på eiga forsking ved UiO. Han meiner innovasjon er ein mental tilstand som må inn heilt frå studiestart. Nextera sin banebrytande teknologi gjer det lettare å utvikle nye, målretta legemiddel med færre biverknader til behandling av kroniske betennelsar og autoimmune sjukdomar og vil ha store samfunnsøkonomiske gevinstar.

Geir Åge Løset med medarbeidarar i laboratoriet.

Frå venstre: Sylvie Pollmann, forskar i Nextera, Gøril Berntzen, seniorforskar, og Geir Åge Løset, forskingssjef og gründer, ser på resultata frå eit fag-dislay-forsøk Pollmann held på med. Foto: UiO/Geir Holm.

I bioteknologifirmaet Nextera forskar dei på kroniske betennelsar og autoimmune sjukdomar. I begge tilfelle går kroppen til angrep på eigne celler og vev. Leddgikt (revmatoid artritt), diabetes, multippel sklerose (MS), narkolepsi og Chrons sjukdom er eksempel på slike sjukdomar. Målet til Nextera er å finne ut kva det er som set i gang og driv desse sjukdomane, for deretter å lage målretta behandling.

Ukjente sjukdomsmekanismar

– I dag veit vi ikkje kva som gjer at nokre utviklar desse sjukdomane medan andre ikkje gjer det. Vi veit at immunforsvaret er direkte involvert og at ein spesiell type kvite blodceller kalla T-celler er nøkkelen, men vi veit ikkje kva desse T-cellene reagerer på. For nokre av sjukdomane har vi genetiske markørar som peikar mot medfødt risiko, men per i dag kan ikkje dette brukast til behandling, seier Geir Åge Løset som er forskingssjef i Nextera.

– Vi forstår rett og slett ikkje sjukdomsmekanismen. Det gjer at svært mange pasientar ikkje får god nok behandling. Vi behandlar symptoma lindrande i den grad det er mogleg, og forsøker å bremse sjukdomsutviklinga. Ofte verkar ikkje dette godt, og det gir store biverknader over tid. Dei fleste av pasientane har livsløpbehandling med kostbare medisinar over lang tid, og mange har redusert arbeidsevne. Dette gir store kostnader for samfunnet.

Løset har tru på at Nextera sin teknologi vil kunne gi meir presis diagnose, og at den kan brukast til å utvikle nye og meir treffsikre legemiddel mot kvar av sjukdomane. Dette vil gi betre effekt og færre biverknader.

Grunnforsking er motoren

Ved sidan å være forskingssjef i Nextera er Løset forskar ved Institutt for biovitskap ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet og ein del av professor Inger Sandlie si forskingsgruppe ved Senter for immunregulering (CIR). Dette er eit senter for framifrå forsking basert på samarbeid mellom ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet og Det medisinske fakultet ved Universitetet i Oslo (UiO) og Oslo universitetssykehus.

Nøkkelspørsmålet i forskinga til Nextera er: Kva er dei sjukdomsutløysande og drivande komponentane for kvar av dei autoimmune sjukdomane? Å finne svar på det er grunnstammen i forretningsideen til Nextera.

– Arbeidet vårt er basert på djup forståing av grunnleggande immunologiske mekansimar som er det vi forskar på ved Senter for immunregulering. Grunnforsking er motoren, understrekar Løset.

Teknologien til Nextera kan òg brukast for å utvikle betre behandling for kreftsjukdomar.

– Det skjer ein revolusjon innan immun-onkologien i dag – kreftbehandling der ein mobiliserer pasienten sitt eige immunforsvar til å kjempe mot sjukdom. Nextera arbeider aktivt med det innan blodkreft (leukemi).

– Både ved autoimmune sjukdomar og kreft er immunforsvaret ute og køyrer. Ved autoimmune sjukdomar angrip det celler det ikkje skal angripe, mens ved kreft angrip det ikkje celler det bør angripe.

Samarbeider med stort legemiddelfirma om leddgikt

For at resultata frå Nextera skal kome personar med autoimmune sjukdomar til gode, må Nextera eller andre ta forskinga vidare. I haust inngikk dei avtale med Janssen Biotech, Inc., eit av dei farmasøytiske selskapa i Johnson & Johnson som er eit av verdas største legemiddelfirma

Saman arbeider dei med å rette Nextera sin teknologi inn mot leddgikt som er ein av dei største gruppene blant dei autoimmune sjukdomane.

Løset fortel at Humira, frå legemiddelfirmaet Abbvie, som er det mest avanserte legemiddelet for leddgikt, og det mest innbringande legemiddelet i verda i 2015, berre gir symptomatisk lindring. I tillegg verkar det ikkje for mange av dei som treng behandling.

– Leddgikt er ein kronisk betennelse, men vi veit ikkje kva det er immunforsvaret reagerer på. Derfor er behandlinga i dag å dempe all betennelse. På mange måtar kan ein seie at ein skrur immunforsvaret ned på låg-gir for at pasienten skal få det betre. Prisen å betale er blant anna at ein blant anna blir mykje dårlegare rusta til å kjempe mot andre naturlege infeksjonar, og kanskje òg kreft.

Eksempel på fag-display-forsøk
Eksempel på fag-display-forsøk i laboratoriet. Foto: UiO/Geir Holm.

Unik og banebrytande teknologi

Løset er ekspert på såkalla fag-display. Han forklarer at dette er ein bioteknologisk metode der dei fusjonerer deler av immunforsvaret vårt med bakteriofager – virus som infiserer bakteriar. Det er ei slags avansert fiskestang i reagensrøret som de bruker til å finne designarmolekyl som bind svært sterkt og spesifikt til kvarandre. 

– Bruk av antistoff – kroppens eige målsøkande molekyl – revolusjonerte moderne medisin på grunn av denne eigenskapen, og seks av dei ti mestselgande legemiddela i verda er basert på antistoff.

– Og no har fusjonen mellom antistoff og fag-display revolusjonert moderne legemiddelutvikling. Humira er det første av ei rekke siste-generasjons antistoff som har blitt utvikla med bruk av nettopp fag-display.

Løset fortel at ved leddgikt veit dei no kva delar av immunforsvaret som er påverka – dei veit kva type molekyl som set i gang reaksjonane. Det er såkalla MHC klasse II-protein – HLA II – på norsk gjerne kalla vevsforlikelegmolekyl, men det er unntaket at ein klarer å flytte desse molekyla inn i laboratoriet fordi dei er så ustabile. Det har Nextera no endra med sin eigen teknologi som er eit heilt nytt og banebrytande verktøy som verda ikkje har sett før.

– HLA-molekylet er ein genetisk markør for utvikling av autoimmun sjukdom og er det molekylet som aktiverer T-cellene som gir betennelse. Vi har laga verdas mest avanserte ”fiskestang” ved å fusjonere HLA med fag-display. Då kan vi fiske i pasienten sine eigne T-celler som vi mistenkjer forårsakar sjukdom og la dei sjølve fortelje oss kva dei reagerer mot – då har vi vårt legemiddelmål!

Les meir om MHC og HLA på ndla.no.

Frå idé til firma

Løset fikk ideen til fag-display-teknologien dei bruker i Nextera då han var postdoktor i Australia i 2006. Selskapet kom opp å stå med det private kommersialiseringsselskapet Bio-Medisinsk Innovasjon AS i 2009. Seinare har fleire idear utvikla i samarbeid med blant anna professor Inger Sandlie, blitt innlemma i selskapet gjennom lisens frå UiO sitt innovasjonsselskap Inven2.

Løset har tidlegare erfaring frå bioteknologifirmaet Affitech som produserte antistoff ved bruk av fag- display til bruk i målsøkande medisinar. Etter det har han arbeidd over ti år ved Institutt for biovitskap og Senter for immunregulering (CIR) som forskar i gruppa til professor Inger Sandlie. Samarbeidet med Sandlie og Senter for immunregulering (CIR) har ifølgje Løset vore heilt vesentleg for at Nextera har kunne utvikle seg til der dei no er.

No har han permisjon for å konsentrere seg meir om selskapet som i dag har åtte tilsette og som er eitt av mange små bioteknologifirma som held til i Forskningsparken i Oslo (Oslotech) der UiO er største eigar.

– Innovasjon er ein mental tilstand

Løset er opptatt av at det må byggast betre system for at unge forskarar skal få testa ut ideane sine og bruke skaparkrafta si til å bygge firma som kan skape arbeidsplassar. I tillegg til støtte til framifrå forsking ønskjer han seg meir kapital som kan gå inn i heilt tidleg fase i risikofylte prosjekt.

– Dersom vi samanliknar oss med Boston-området som er det mest produktive biomedisinske klynga i verda, og som har Harvard University, MIT og Whitehead Institute, så startar dei fleire hundre selskap for å få nokre som overlever. Når vi til samanlikning startar berre nokre få her ved UiO, kan vi risikere at ingen av firmaa overlever – det er et numbers game som er avhengig av meir enn god grunnteknologi. Vi må få opp volumet, og det må være lov å gå på tryne, meiner han.

– Vi treng støttesystem rundt universitetet som kan ta imot dei unge som vil prøve seg som entreprenørar, slik at ikkje dette berre handlar om eldre forskarar som etter fleire tiår får ideane sine vidare gjennom andre. Innovasjon er ein mental tilstand ein må byrje med i studiane. Ein må aktivt legge til rette for entreprenørane!

Eit risikovillig innovasjonsfond utanfor universitetet står øvst på ønskelista til Løset.

Av Norunn K. Torheim
Publisert 25. jan. 2016 10:17 - Sist endret 22. mai 2016 13:50