Vi forsker på: Skole

Foto: Samfoto, UiO

  • Til ei kvar tid er det minst ein tredel av det norske folket som er i kontakt med skolen på eit eller anna vis – som elevar, lærarar eller foreldre.
  • Skolen legg grunnlaget for seinare utdanning og yrkeskarriere.
  • Mange har meiningar om skolen, men av og til har dei gjort seg opp desse meiningane på sviktande grunnlag.
  • I skoleforskinga møtest fagfolk frå fleire fagområde. Det blir forska på innhaldet i faga på skolen, læringsformer og undervisingsmetodar, men også på det som har med styring av skolen å gjere.
     

Mer om skole

  • UiO har forskingssatsinga Kunnskap i skolen (KiS), som går på tvers av fakulteta. Her medverkar eit femtital forskarar frå fem fakultet til å auke kunnskapen om skolen.