print logo

Lunsj med kultur: Baker Hansen - Chet Baker på norsk

Baker Hansen er historia om fem norske jazzutøvarar som tok Chet Baker med på ei norsk språkreise. Resultatet er eit spennande møte mellom amerikansk cooljazz og norsk fjelluft.

Baker Hansen
Foto: Silje Måseide

Baker Hansen

Foto: Silje Måseide

Kafé fra 11:45

Fri entré

Program

Presenteres på konserten

Medvirkende

Sigurd Rotvik Tunestveit, vokal og gjendikting
Thomas Husmo Litleskare, trompet
Kjetil Jerve, piano
Stian Andreas Andersen, kontrabass
Tore Flatjord, trommer

Om artistene

Kva har Chet Bakers vestkyst-sound med norsk lyrikk å gjøre? Ikkje så lite, faktisk. Fleire års opphald i Skandinavia på 80-talet førte til at Chet sjølv samarbeida med ei rekkje norske musikarar, og særleg kjent er album-samarbeidet "Blåmann! Blåmann!" med Jan Erik Vold - ein ruvande skikkelse i norsk diktarkunst, som óg har bidrege med gode innspel til gjendiktingsarbeidet.

Når så kvintetten "BAKER HANSEN" tek opp denne arven, er det låter frå Chet Bakers repertoar som har fått fornya kraft gjennom nyskrivne, nynorske tekster, gjendikta av vokalist Sigurd Rotvik Tunestveit frå Ål i Hallingdal. At tekstane er på vårt eige språk gir publikum anleiing til å møte denne musikken på nært hald, og høyre med "nye øyre" på klassikarar frå standardrepertoaret. Konsertopplevinga vil pregast av at publikum gjenoppdager kjente melodiar som There will never be another you og My funny valentine, eller sagt med Baker Hansen sine ord, "Aldri finn eg ei nett slik som deg" og "Min fine hjarteven". Og kva for klassisk jazzlåt skjuler seg bak tittelen "Eg vert så lett forelska"?

Besetninga på 5 er eit knippe musikarar frå det yrande jazzmiljøet i Oslo, og representantar for ein ung og spennande generasjon utøvarar på den norske jazzscena, med ei rekkje betydelege samarbeid i bagasjen.
Bandmedlemmene har hatt gleden av å spille med artister som Tomasz Stanko, Dave Friedman, Ralph Alessi, Jon Christensen m.fl.

Vokalist Sigurd Rotvik Tunestveit kjem frå Ål og syng på halling.

Baker Hansens hjemmeside

 

 

 

Publisert 13. jan. 2013 20:47 - Sist endret 14. jan. 2013 11:32