print logo

Kamp om plassane

Med nesten tre søkjarar per studieplass ved Universitetet i Oslo, er det klart at det også i år blir kamp om plassane.

Vi må rekne med høge poenggrenser.

- Vi har det breiaste fagtilbodet i Noreg, og satsar hardt på fagleg kvalitet i undervisinga. Då er det sjølvsagt at mange ynskjer å studere ved Universitetet i Oslo, seier rektor Ole Petter Ottersen.

Lærar- og realfagsprogramma står stadig sterkare

For dei som ynskjer seg fleire dyktige lærarar i framtida er dei høge søkjartala godt nytt. Språkfaget har vore under press i skulen i fleire år, og det har vore vanskeleg å rekruttere elevar til språklinja. I år er det heile 43 prosent auke i søknader til lektorprogrammet i framandspråk ved Universitetet i Oslo. Også lektorprogrammet i realfag opplever ein stor auke i søkjartal.

Realfag er ikkje berre viktig for dei framtidige lærarane. Studieprogramma ved Det matematisk-naturvitskapelege fakultet har i år igjen fleire søkjarar enn dei har hatt før. Fysikk og informatikk stig med opp mot 30 prosent.

- UiO har lagt særleg vekt på å rekruttere til realfag og lærarutdanningane, seier Ottersen. Vi er særs nøgde med at talet på søkjarar stadig stig, i takt med at vi no tilbyr fleire studieplassar enn nokon gong til desse studia.

Kontakt

Publisert 22. apr. 2013 10:15 - Sist endret 3. mai. 2013 12:53