HF-platået - Peter Rokseths plass

Ta med deg kaffikoppen og sett deg på ein av dei raudmalte Blindernbenkane på Peter Rokseths plass. Kan du sjå føre deg ein rund gressplen midt på plassen? Ein slik plen er teikna inn i dei opprinnelege planane til hagearkitekt Steine frå 1962. Plenen vart aldri realisert, men i staden kan du nyte rosebedet langs veggen til P.A. Munchs hus. Sjå kart.