English version of this page

Ladestasjonar for elbilar

UiO har fleire ladestasjonar for tilsette som køyrer elbil.

Frå og med 26. juni 2023 er det ikkje lenger gratis å lada elbilar på UiO sine ladestasjonar. Det er ikkje tillate å lada hybridbilar, berre elbilar. Det er forbode å lada i andre kontaktar enn dei som er nemnde på denne sida.

Ladeplassar på Blindern

  • 20 plassar med kontakt Type 2 på parkeringsplassen mellom Fysikkbygningen og Farmasibygningen.
  • Fire plassar med kontakt Type 2 på parkeringplassen utanfor Lucy Smiths hus og Villa Eika (reserverte plassar).

Ladeplassar på Gaustad

  • Fire plassar med kontakt Type 2 på parkeringsplassen bak Gaustadalléen 30.

Ladeplassar i sentrum

  • To plassar med kontakt Type 2 i Frederiks gate 3.

Slik brukar du plassane

Køyretøy må ha gyldig parkeringsløyve for tilsette ved UiO. Du betalar via Apcoa-appen med takstsone 9410. Det kostar 10 kr per time for å parkera på ladeplassane, uavhengig om bilen er kopla til ladestasjonen.

Vi oppfordrar alle til å flytta bilen så fort den er ferdiglada for gi plass til andre som har behov for å lada bilen. Ladestolpane er skilta med informasjon om lading og pris. 

Grunna elsikkerheit vert ikkje ladestasjonar med vanleg stikkontakt opna igjen.

Oversikt over Oslo kommune sine ladestasjonar (oslo.kommune.no)

Publisert 10. juli 2017 15:02 - Sist endra 26. juni 2023 09:50