English version of this page

Parkeringskart

Område med eigen informasjon om parkering og kart over parkeringsplassar.

Blindern

UiO anbefaler gjestar, studentar og tilsette å reise kollektivt eller sykle til UiO. Du kjem til Blindern med T-bane, trikk og buss.

Blindern parkeringskart
Kart over parkeringsplassar på Blindern. A = parkering for tilsette med A-oblat. S = parkering for studentar med S-oblat. B = Betalt parkering. EL = Plassar for EL-bil. Det finst nokre reserverte plassar for besøkande samt personar som er tildelt R-oblat. Studentparkeringa (S) har plassar for betaling.

Sjukehusa for IMB og Klinmed

For å søkje om tilgang til tilsettparkeringa ved sjukehus må tilsette sende inn søknadsskjema (pdf) og fakturaskjema (pdf) . Fakturaskjema skal kun sendast inn fyrste gong du søkjer, og du skal berre fylle ut dei tre felta merka med eit kryss på sida. I søknadsskjemaet treng du ikkje fylle ut tilsettnummer, brukarnamn og klinikk.

Send skjema samla til:

Kundesenter
Bygg 14
Ullevål sykehus
Kirkeveien 166
0407 Oslo

Pris og oppseiing

  • Rikshospitalet: 425 kroner per månad
  • Ullevål og Radiumhospitalet: 635 kroner per månad

OUS-tilsette vert trekt i løn, medan eksterne får faktura i posten. Du blir fakturert frå perioden parkeringsoblatet er utstedt til det vert returnert. Det er difor viktig å returnere parkeringsoblatet når du ikkje lenger treng det.

Oppseiing må leverast innan den 20. i månaden. Du kan få midlertidig oblat ut månaden.

Gratis parkering

På kvardagar mellom kl 20.00 og 08.00, samt hele døgnet i helger og på helligdager, kan du parkere gratis på tilsette-plassar ved alle dei tre sjukehusa. Du må då ha eit eige oblat (grønt) som du får utlevert ved kundesenteret i bygg 14 på Ullevål sykehus. Du kan òg sende utfylt søknadsskjema (pdf) (kryss av i feltet for grønt oblat) til kundesenteret på Ullevål sykehus (sjå adresse over) og få oblatet sendt heim i posten.

Antall parkeringstillatelsar

Du kan ha inntil tre registreringsnummer på eit oblat som du kan byte mellom bilar. Om du ønskjer eit oblat per bil, må du betale full pris for kvart oblat.

Endring av oblat

Når du har fått nytt registreringsnummer og treng nytt oblat, fyller du ut søknadsskjemaet og sender det gamle oblatet i retur før du får eit nytt.

Midlertidig p-løyve

Ved uventa hendingar som for eksempel bil på verkstad, gløymt oblat eller anna, kan du ta kontakt med kundesenteret på telefon 23 02 70 00, kome til bygg 14A på Ullevål sykehus eller sende ein e-post til kundesenter@ous-hf.no så vert det skanna eit midlertidig p-løyve til deg.

Institutt for helse og samfunn

Tilsettparkering ved Frederik Holsts hus og Stjerneblokka, Lille Ullevål:

  • Parkering med A-oblat langs gjerdet ved Frederik Holsts hus.

Gjesteparkering

Den fjerde plassen nærast stabburet er reservert til gjestar med B-oblat. Du kan reservere plassen i resepsjonen i Frederik Holsts hus for timane gjesten skal besøke instituttet. Vi deler berre ut ein B-oblat av gongen.

Betalt parkering

På delar av Nedre Ullevåls vei, inkludert området framfor Nedre Ullevål 11 kan du betale med app. Det er òg nokre betalte plassar framfor hovudinngongen ved Frederik Holsts hus.

Sjå kart over parkering i nærleiken av Lille Ullevål.

Forskningsveien, Harald Schjeldrups Hus

Parkering med A-oblat

Ved enden av Forskingsveien 3a inngang 1, Psykologibygget og ved Veilaben i Gaustad Alle.

Parkering med S-oblat

Det er ingen eigne parkeringsplasser i Forskningsvegen, men på det store jordet bak Veilaben er det mogeleg å parkere.

Det er gjesteparkering mot betaling i Forskningsveien eller ta kontakt med avdelinga for å få gjestekort til å parkere på A-oblat-plassane.

Sjå på kartet over parkeringsmoglegheiter i nærleiken av Forskningsveien, zoom inn for å få fram P-skilta på kartet.

Institutt for oral biologi

Universitetet sin næraste parkeringsplass til Institutt for oral biologi er flytta frå Domus Athletica, til parkeringsgarasjar i Ole-Johan Dahls hus og Domus Medica tilbygg, og til parkeringsplassane på Blindern Campus.

Parkering for el-bilar

Det finnast to parkeringsplassar med ladestasjon for el-bilar, tilknytta Domus Medica og Domus Odontologica. Plassane skal berre nyttast av skilta el-bilar under lading og er ikkje meint som reserverte p-plassar for el-bilar. Gyldig parkeringsbevis, det vil sei oblat eller parkeringskort, må vere godt synleg. Sjå oversikt over alle ladestasjonar for el-bilar. Plassane gjeld ikkje for hybridbilar.

Feilparkering

Feilparkerte bilar, biler som ikke har gyldig oblat eller som står parkert på feil kategori kan få kontrollbebyr. Gebyrbeløpet er fastsatt i parkeringsforskrifta av 1.1.2017 og vert innkrevd av EuroPark A/S.

Parkering ved Rikshospitalet

På Rikshospitalet finnast eit eige parkeringshus med betalingsautomatar. Pris for parkering: 26,- kr/time og pr. døgnpris kr 210,- Det finnast òg vekekort som kan verte kjøpt for kr. 720,- i betalingsautomatane i parkeringshuset til Rikshospitalet.

Naturhistorisk museum

UiO har vedteke at Botanisk hage skal vere eit bilfritt område for å verne om alle som ferdas til fots i hagen. All køyring og parkering i hagen er difor som regel forbode.

Tilsette, studentar, gjestar, entreprenørar, handverkarar etc. med gyldig parkeringsløyve finn UiO-parkeringsplassar rett utanfor hagen i Sofienberggata (50 plasser) og Monrads gate (20 plasser). Gjestar utan parkeringsløyve finn ein offentleg parkeringsplass mellom Munchmuseet og Botanisk hage med innkjørsel frå Monrads gate. Meir om tilkomst til Naturhistorisk museum.

Tøyen parkeringskart
A = parkering for tilsette med A-oblat. P = offentleg parkering for gjestar. EL = Parkering med EL-lader. HC = Parkering for bevegelseshemma. R= Reservert for R-oblat.

USIT

 

USIT har ingen parkeringsplassar rett utanfor Kristen Nygaards hus. Alle gjesteparkeringsplassane ved dette bygget høyrer til Norsk Regnesentral. Det er framleis mogleg å parkere i nærleiken.

Parkere med parkeringsløyve

  • Bak Nemko-bygget
  • Parkeringshuset under Ifi (Ole Johan Dahls hus).

Parkering utan parkeringsløyve

  • Om du må parkere ei kortare stund rett ved Kristen Nygaards hus på grunn av tungt verkt, maskiner etc., eller berre for å levere noko, snakk med Ekspedisjonen, så freistar vi å låne ein plass av Norsk Regnesentral.
  • Om du eller gjestane dine ikkje har parkeringsløyve, kan du betale parkering i parkeringshuset til Forskningsparken eller Rikshospitalet.
Parkeringskart for USIT

Publisert 19. okt. 2017 12:22 - Sist endra 3. apr. 2018 15:01