print logo

Edvard Munch i Aulaen

Edvard Munchs 11 måleri i Universitetets aula i Oslo er den einaste utsmykkinga av målaren som framleis er i sin opprinnelege samanheng. Hovudbileta i Aulaen er Solen, Alma Mater og Historien.

Fotograf: Eirik Helland Urke

Tittel på bileta i panoramavisninga, sett frå høgre frå inngangen og med klokka.

1. Kjemien
2. Historien
3. Nye stråler
4. Kvinner vendt mot solen

5. Våknende menn i lysflommen
6. Solen
7. Genier i lysflommen

8. Menn vendt mot solen
9. Høstende kvinner
10. Alma Mater
11. Kilden

Edvard Munch og Aulaen

Aulaen blei oppført til Universitetets 100-årsjubileum i 1911. Salen blei planlagt for kunstnerisk utsmykking, med store veggflater og overlys.

Utsmykkinga av salen var ein vanskeleg prosess, som i kunsthistorien blir omtala som 'Aulastriden'.

Først i 1914 fekk Edvard Munch (1863-1944) oppdraget, og i september 1916 var salen ferdig utsmykka. Munchs måleri i Universitetets aula er eit hovudverk innan norsk monumentalmåleri.

Besøk aulaen

I samband med Munch-året 2013 er Aulaen open for publikum i sommar.

2. juni - 13. oktober:

  • Fredag - sundag: 13:00-17:00

2. juli - 2. august

  • Tysdag - torsdag: 10:00-14:00
  • Fredag - sundag: 13:00-17:00

Grunna arrangement er Aulaen stengd dagane som følgjer:

  • Laurdag 8. juni
  • Fredag 28. juni
  • Laurdag 29. juni
  • Sundag 30. juni
  • Fredag 9. august
  • Fredag 16. august
  • Laurdag 7. september
  • Laurdag 5. oktober

Meir om bileta

Publisert 3. jan. 2013 15:34 - Sist endret 10. mai. 2013 12:58