English version of this page

Serviceerklæring for Universitetet i Oslo

Serviceerklæringa viser deg som student kva UiO forpliktar å gjere for å tilby ein god studiekvardag, og kva UiO forventar frå deg som student.

Serviceerklæringa gjeld for alle som har ein studieplass ved Universitetet i Oslo. Ho gjeld også for vidareutdanningsstudentar og for internasjonale studentar. Erklæringa gjeld ikkje for privatistar.

Studentane sine juridiske rettar er gitt i lov, forskrifter og andre reglar og inngår ikkje i dette dokumentet.

Serviceerklæringa gir oversikt over tilbod og tenester som universitetet forpliktar seg til å gi deg som student, og kva universitetet forventar av studenten med omsyn til studieåtferd og innsats. Erklæringa inneheld også tenester frå Studentsamskipnaden i Oslo og Akershus (SiO). I tillegg til serviceerklæringa ber vi studentane sjå på UiO og SiO sine nettsider. Studentar kan også søkje studierettleiing på fakultetsnivå.

Serviceerklæringa er i samsvar med pålegg og retningslinjer frå myndigheitene. Ho er vedteken av Det akademiske kollegium 8.mai 2001 etter samråd med fakulteta, Studentparlamentet og SiO. Serviceerklæringa blir jamleg oppdatert.

UiO ønskjer tilbakemelding frå både studentar og tilsette dersom noko med Serviceerklæringa er uklart. Studentar og tilsette må gjerne også komme med forslag og innspel til erklæringa. Tilbakemeldinga vil gå til riktig instans(ar) som vil følgje opp saka. Der det er mogleg og formålstenleg vil UiO tilby same teneste på nytt i samsvar med erklæringa. Slik tilbakemelding kan du gi til Avdeling for fagstøtte, postboks 1072, eller til e-postadressa serviceerkleringen@admin.uio.no .

UiO ønskjer alle ei fin studietid!



Studium og undervisning

Studia ved universitetet baserer seg på både undervisning og sjølvstudium. Tal timar og undervisningsform varierer frå emne til emne. Som følgje av dette, varierer også krav og forventningar til studentane si deltaking i undervisninga.

Studenten kan forvente at universitetet:

  • har eit stort og variert studietilbod. Eventuelle endringar i tilbodet er tilgjengelege på UiO sine nettsider seinast semesteret før
  • tilbyr studieprogram som kan leie fram til både bachelor- og mastergradar samt profesjonsstudium retta mot bestemte yrke
  • informerer om undervisninga, tid og stad for denne og påmeldingsfristar innan tre veker før semesterstart
  • gir informasjon om kva som blir forventa fagleg av studenten og om pensum
  • held undervisning som er i samsvar med studieplanen og relevant i forhold til læringsmåla
  • har godt fagleg og pedagogisk kvalifiserte lærarar som gir undervisning som er utfordrande og forskingsbasert
  • tilbyr seminar, gruppe- og kursundervisning som gir høve til øvingar, skrivetrening og fagleg tilbakemelding
  • legg vinn på å bruke fleksible læringsformer
  • legg vinn på å nå universell utforming som norm i undervisninga
  • tilrettelegg undervisninga for studentar med funksjonsnedsetting
  • jamleg evaluerer undervisninga gjennom UiO sitt kvalitetssystem for utdanning, blant anna gjennom studentevaluering av undervisninga
  • tilbyr eit inkluderande læringsmiljø for alle studentar
  • legg til rette for utanlandsopphald

Universitetet forventar at studenten:

  • organiserer sin eigen tidsbruk på undervisning og sjølvstudium
  • har eller skaffar seg dei nødvendige forkunnskapane og møter førebudd til undervisninga
  • skaffar seg nødvendig pensumlitteratur
  • samarbeider med andre studentar i læringsprosessen, for eksempel i kollokviegrupper og tek på seg oppgåver knytte til førebuing for og medverknad i undervisninga
  • bruker høva til å levere skriftlege oppgåver i samband med studia
  • deltek konstruktivt og kritisk i studentevalueringar av undervisninga og i fagkritiske arrangement
  • overheld påmeldingsfristar til undervisning og eksamen og møter regelmessig fram til dei seminara/gruppene/kursa der ein er påmeldt
  • møter fram til obligatorisk undervisning og leverer obligatoriske oppgåver innan fastsett frist
  • søkjer informasjon og råd så tidleg som råd dersom det er behov for tilrettelegging av undervisninga

Læringsmiljø

Universitetet i Oslo jobbar kontinuerleg for at studentar skal oppleve eit godt og inkluderande læringsmiljø. Læringsmiljø omhandlar både fysiske og psykososiale element. Det er viktig at studentane har gode fasilitetar der læring kan skje. Eit godt fysisk læringsmiljø inneber reine og trygge lokale, hjelpemiddel, luftkvalitet og liknande. Eit godt psykososialt læringsmiljø inneber at læringsmiljøet er inkluderande, og at det er gode tiltak mot mobbing, diskriminering og liknande. Studium ved UiO kan innebere at studentar må lære seg å samarbeide med menneske ein kanskje elles ikkje ville samarbeide med.

Studenten kan forvente at universitetet:

  • tilbyr bibliotek med stort utval av fagbøker og -tidsskrift og moderne bibliotektenester innanfor alle fakulteta sine fagområde
  • sikrar tilgang til pensumlitteratur (Universitetsbiblioteket, Akademika og Unipub) (1)
  • tilbyr gode og sikre laboratoriefasilitetar og kvalifisert personale som gir opplæring og rettleiing i forsvarleg bruk av nødvendig utstyr og fasilitetar
  • tilbyr gode læringsarenaer samt pc-stuer, grupperom og lesesalsplassar
  • legg til rette for bruk av informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT) i undervisninga og læringa
  • tilrettelegg det fysiske læringsmiljøet best mogleg for studentar i form av funksjonelt utstyr, møblar, undervisnings- og pauselokale
  • legg vinn på å ha areal og bygningar som er universelt utforma
  • følgjer opp klagar og avvik på det fysiske og psykososiale læringsmiljøet

(1) Universitetsbiblioteket kan ikkje garantere at alle studentane får tilgang til, eller låne all pensumlitteratur. UiO kan heller ikkje garantere at all litteratur, eksempelvis artiklar til bruk på høgare grad, vil vere å få kjøpt i bokhandelen Akademika og Unipub til kvar tid. Norsk lyd- og blindeskriftbibliotek har til oppgåve å produsere pensumlitteratur for blinde og svaksynte i blindeskrift, som lydbøker, eller i digital form.

Universitetet forventar at studenten:

  • set seg inn i og respekterer reglar for bruk av fasilitetar og utstyr
  • deltek på kurs i bruk av bibliotek og søking i databasar og utnyttar biblioteket i studia
  • sørgjer for å oppdatere adressa si i studentregisteret ved adresseendring

Informasjon, studie- og karriererettleiing og andre administrative tenester

Som student vil du finne mange kontaktpunkt der tilsette kan tilby informasjon og rettleiing om studieforhold ved Universitetet i Oslo. Innhaldet i desse informasjonstenestene vil variere ut frå ansvarsområdet for tenesta, men du kan forvente at tenestene held ein god standard. Korleis du bruker desse tenestene er opp til deg, men du aukar utbyttet ditt ved eigen innsats. Det er fleire kanalar du kan oppsøkje informasjon gjennom, og du skal alltid få svar. Universitetet føreset at du jamleg sjekkar nettsider om forhold som speler inn på studieløpet ditt, og at du, om du lurer på noko i den samanhengen, søkjer informasjon og rettleiing. UiO jobbar for å ha gode nettsider med oppdatert informasjon som er relevant for studentane.

Studenten kan forvente at universitetet:

  • gir faglege og praktiske opplysningar til nye studentar før studiestart
  • tilbyr fadderordning og sosiale arrangement for nye studentar
  • tilbyr korrekt, lett tilgjengeleg og oppdatert informasjon og svarer på spørsmål frå studentar på ein imøtekommande måte
  • tilbyr rettleiande tenester gjennom studierettleiing, karrieresenter, helsetenesta ved SiO, Studentrådgivinga og Studentpresten i Oslo
  • har studiekonsulentar/studierettleiarar både på fakultet og institutt som kan gi hjelp og rettleiing ved val av emne og studieløp
  • gir rettleiing til studentar som ønskjer å studere i utlandet
  • gir rettleiing til studentar som treng spesiell tilrettelegging av studiesituasjonen og eksamen
  • sikrar gode og effektive saksbehandlingsrutinar
  • tilbyr alumnusordning til studentar med fullført grad frå UiO
  • bidreg til å gjere studia og universitetet kjent i arbeids- og samfunnsliv

Universitetet forventar at studenten:

  • deltek på informasjonsmøte og held seg oppdatert på informasjon frå universitetet gjennom dei kanalane emnet gjer seg nytte av
  • held seg oppdatert og søkjer informasjon og rettleiing ved behov
  • gjer seg kjent med studieadministrativ informasjon på UiO sine nettsider
  • tek til seg til gitt informasjon
  • bruker det rettleiande tenestetilbodet ved behov

Når du søkjer informasjon og rettleiing om studieforhold ved besøk, telefon eller pr. e-post til ein av informasjonstenestene for studentar ved universitetet, kan du forvente:

  • oversikt over kva slags informasjon, rettleiing og annan assistanse du kan få ved tenesta, samt opplysningar om opnings- og telefontider og svartid på e-post
  • at førespurnaden din blir teken på alvor og at du får svar på spørsmål på ein imøtekommande måte – anten direkte eller ved hjelp til å finne relevant nettstad, teneste eller saksbehandlar
  • tilsette som effektivt kan vurdere om du kan få tilfredsstillande svar på førespurnaden din der og då, eller om du bør gjere ein avtale med ein saksbehandlar eller studierettleiar
  • oppdatert og korrekt informasjon, og opplysningar om når informasjon om endringar i studium/administrative forhold vil liggje føre
  • at alle typar opplysningar universitetsadministrasjonen gir - munnleg eller skriftleg – forpliktar og at universitetet vil bøte på uheldige følgjer av ev. feilinformasjon for studenten med dei virkemidla universitetet har til rådvelde, likevel avgrensa til kva institusjonen rettsleg er forplikta til.
  • at førespurnaden din er underlagt teieplikta for dei tilsette om personlege forhold

Du får størst utbytte av informasjon og rettleiing om studieforhold som blir gitt ved ei av informasjonstenestene for studentar ved universitetet, dersom du:

  • orienterer deg om kva tilbod tenesta gir og er tidleg ute med å søkje informasjon og rettleiing
  • tenkjer gjennom kva du vil spørje om, kva slags bistand du treng og sjekkar relevant nettinformasjon
  • oppsøkjer informasjonstenesta ved fakultetet dersom du er i tvil om kvar du skal vende deg (sjå nedanfor)
  • er førebudd på at det kan ta meir tid å få informasjon og hjelp frå tenestene i periodar med stor pågang
  • bidreg til forbetring av informasjonstenestene ved tilbakemeldingar direkte til tenestene eller svar på brukarundersøkingar

For å finne fram til aktuell informasjonsteneste:

Studierettleiing

Universitetet tilbyr individuell studierettleiing for å hjelpe deg som student i gjennomføringa di av studieløpet, for eksempel ved vanskelege vegval, motivasjonsproblem eller når du ikkje finner fram blant nettinformasjonen, og treng bistand til å relatere generell studieinformasjon til din eigen situasjon. I ein rettleiingssamtale er det du som er eksperten på deg sjølv. Rettleiaren si oppgåve er å hjelpe deg å ta velgrunngitte, sjølvstendige avgjerder om forhold i studieløpet ditt, ikkje ta avgjerdene for deg.

Når du gjer avtale om ein individuell studierettleiingssamtale, kan du forvente:

  • opplysningar om kva studieområde/-tema det ved tenesta blir gitt rettleiing i og om praktiske rammer for samtalen, som lengd, stad, høve til å ta med følgje og evt. førebuing
  • avklaring av kva du søkjer bistand til, slik at du får rettleiingstime hos ein studierettleiar med relevant kompetanse

I møte med rettleiaren kan du forvente:

  • tydeleg signal om kva studium/emne rettleiaren har generell eller spesiell kunnskap om og kva rettleiaren kan bidra med
  • respekt og imøtekommande haldning i forhold til din situasjon og erfaringsbakgrunn
  • støtte til å ta sjølvstendige val som passar for deg, gjennom samtale om dine alternativ, interesser og ferdigheiter og gjennom informasjon om ulike valalternativ i studiesituasjonen
  • Hjelp om du opplever å komme til kort i studiekvardagen eller ikkje finn deg heilt til rette som student

I rettleiingssamtalen kan du innanfor studieområdet forvente hjelp til:

  • å finne fram i informasjon og regelverk og å få bekrefta kva som gjeld for deg
  • å planlegge studia og vurdere konsekvensar av ulike alternativ i forhold til den studiesituasjonen du ønskjer deg
  • å få avklart spørsmål omkring det å vere student ved eit program/emne du vurderer å begynne på og informasjon om opningar for delstudium i utlandet
  • å få avklart studierelaterte spørsmål om yrkesalternativ og arbeidsliv og informasjon om relevante tilbod hos Karrieresenteret
  • å tenkje igjennom på nytt om du har valt program/emne som passar deg og å vurdere ev. endringar i studieløp
  • å finne rett instans/saksbehandlar dersom det undervegs i samtalen dukkar opp nye problemstillingar som er utanfor rettleiaren sin kompetanse

Det blir tilbydd studierettleiing:

  • ved informasjonstenestene ved fakulteta
  • frå studie-/programkonsulentar på fleire institutt/senter/studieprogram

Karriererettleiing

UiO tilbyr karriererettleiing i samband med overgang til arbeidslivet.

I møte med karriererettleiaren kan du forvente:

  • respekt og imøtekommande haldning i forhold til din situasjon og erfaringsbakgrunn, støtte til å ta sjølvstendige val gjennom samtale om dine ønske, alternativ og ferdigheiter i forhold til karriererelaterte spørsmål
  • møte ein kvalifisert rettleiar som tek situasjonen din på alvor

I rettleiingssamtalen innanfor karrierefeltet kan du forvente bistand til:

  • Gjennomføre ei kompetansekartlegging og bli meir bevisst på kva du kan
  • Stake ut ein god jobbsøkjarstrategi og/eller begynne med eiga karriereplanlegging
  • Få informasjon om jobbsøkjarprosessen frå a til å
  • Rettleiing i forhold til cv, søknad og jobbintervjuet

Eksamen

Universitetet vil halde eksamen i samsvar med lov, forskrifter og anna regelverk.

Studenten kan forvente at universitetet:

  • har lett tilgjengeleg informasjon om:
    • eksamensform
    • forkunnskapskrav
    • reglar og fristar som gjeld melding til eksamen
    • eksamensdato, tidspunkt og stad for eksamen
    • høva for å søkje om tilrettelagt eksamen
    • reglar og fristar for grunngiving og klage på sensur og for klage på formelle feil ved eksamen
  • har varierte eksamensformer (for eksempel skriftleg eksamen, munnleg, semesteroppgåve, heimeeksamen, praktisk eksamen, mappeinnlevering og mappevurdering) innanfor eit studieprogram
  • gir eksamen som står i forhold til studieplanen
  • gir ei objektiv og rettferdig bedømming
  • held sensurfristar og fristar for behandling av klagar
  • vurderer og vidareutviklar eksamensformene kontinuerleg
  • utferdar vitnemål, Diploma Supplement og gir karakterutskrifter
  • gir stadfestingar på engelsk av oppnådde karakterar og grad når det trengst

Universitetet forventar at studenten:

  • melder seg til eksamen innan gitte fristar og etter gjeldande reglar
  • melder seg av eksamen tidlegast mogleg og seinast innan siste frist dersom det ikkje er aktuelt å gå opp til eksamen
  • gjer seg kjent med informasjon om eksamen og rettar seg etter dei reglane som finst i lov, forskrifter, reglar og instruksar
  • bruker berre lovlege arbeidsformer og hjelpemiddel til eksamen

Velferd

Universitetsstyret har det overordna ansvaret for studentane sitt læringsmiljø, og leiinga ved institusjonen skal, i samarbeid med studentsamskipnadene, leggje forholda til rette for eit godt studiemiljø og arbeide for å betre studentvelferda på lærestaden. Studentsamskipnaden i Oslo og Akershus (SiO), som delvis er finansiert gjennom semesteravgifta studentane betaler, tilbyr store delar av velferdstilboda. Tilboda blir utvikla i samarbeid med studentane og universitetet. Enkelte av SiO sine tilbod er omtalte andre stader i Serviceerklæringa.

Studenten kan forvente at SiO:

  • er lydhør overfor studentane sine ønske og behov
  • har eit kantinetilbod med variert, ernæringsriktig og rimeleg mat
  • tilbyr eit visst tal eigne studentbustader og informerer om private bustadtilbod
  • Har allmennhelseteneste som ein del av fastlegeordninga
  • Har gratis psykologisk/psykiatrisk teneste, psykomotorisk fysioterapi og rådgivingsteneste. Tannhelseteneste med studentvennlege prisar for studentar under 40 år.
  • tilbyr eit vidt spekter av mosjons- og idrettsaktivitetar til gunstig pris
  • tilbyr eigne barnehagar for barn av studentar
  • legg til rette for frivillige studentaktivitetar i samarbeid med UiO
  • Legg vinn på å leggje til rette tilboda sine for studentar med funksjonsnedsetting og har universell utforming som norm

SiO forventar at studenten:

  • skaffar seg informasjon om dei relevante tilboda og fristar og reglar for desse
  • bruker tilboda aktivt ved behov
  • gir tilbakemelding om tilboda slik at dei kan forbetrast

Akademisk fellesskap og universitetsdemokrati

UiO har som mål at læringsmiljøet skal vere godt for alle studentar. Korleis studentane trivst i studiekvardagen avheng i stor grad av studentane sjølve. Aktiv deltaking kan vere ei investering både for ei god studietid, oppbygging av nye nettverk og for seinare arbeids- og samfunnsliv.

Gjennom studia skal studentane få høve til å utvikle evna til kritisk og nyskapande tenking og til å kombinere fagleg kunnskap med etisk sans og refleksjon. Studia skal også fremje studentane sitt medansvar og samfunnsansvar. Universitetet vil leggje til rette for dialog og diskusjon mellom studentar og tilsette.

Universitetet vil fremje eit ope og tolerant miljø og aksepterer ikkje diskriminering av enkeltpersonar eller grupper på grunnlag av hudfarge, tru, etnisk bakgrunn, funksjonsnedsetting, seksuell legning eller kjønn.

Fadderordninga og studentforeiningane speler ei viktig rolle i det akademiske fellesskapet. Universitetet og SiO legg til rette for eit breitt spekter av faglege og utanomfaglege studentaktivitetar ved å stille lokale, utstyr og andre ressursar til rådvelde.

Universitetet og SiO legg vidare til rette for studentpolitisk aktivitet i fagutval, studentutval, programutval og i Studentparlamentet. Studentane har rett til å velje representantar til vedtaksorgan på alle nivå i universitetssystemet (f. eks Universitetsstyret, Læringsmiljøutvalet og Studiekomiteen) og har stemmerett ved val av rektor og prorektor. Dette gir studentane høve til å ha reell innverknad på avgjerder og prioriteringar, men innverknaden avheng av at studentane sjølve set seg inn i aktuelle problemstillingar og viser interesse for dei avgjerdene som blir tekne.

Desse standardane er fastsette av universitetsdirektøren 27.9.04, og gjeld frå 1.1.05. for alle kontor/tilsette på institutt/senter, program- og fakultetsnivå og sentralt som studentar blir tilviste til som kontaktpunkt for informasjon og rettleiing om studieforhold.

Publisert 27. juni 2012 13:46 - Sist endret 21. mars 2016 13:41