Populismen i Europa og USA og det politiske klimaet i Norge

Populistiske strømningar har prega det politiske livet og val og avgjerder i ei rekke land dei siste åra. Dei har også vore synlege i årets valkamp i forkant av stortingsvalet 11. september. Vi ser nærare på fenomenet populisme og kva slike strømningar i verda har å seie for Norge.

•    Kva er populisme?
•    Korleis pregar populistiske strømningar det politiske livet i Europa og USA?
•    Korleis kommuniserer dei politiske aktørane med veljarane?
•    Kva for ein påverknadskraft hadde desse strømningane på valkampen og utfallet av årets stortingsval?
•    Kva kan dette bety for det politiske livet i Norge?


Video

 

Program

08.00 Registering og frukostservering
08:30 Velkommen ved Partnerforum sitt  sekretariat
08:30 Fakta og fiksjon om populismen (PDF)
  Anders Ravik Jupskås, forskar, UiO
08:45 Årsaker - korleis kan populisme forklare Brexit og Trump? (PDF)
  Cathrine Moe Thorleifsson, forskar, UiO
09:05 Sosiale medium - ein arena for  populisme? (PDF)
  Gunn Enli, professor, UiO
09:25 Stortingsvalet 2017: Ein siger for populismen? (PDF)
  Johannes Berg, forskar II, Institutt for samfunnsforskning
09:45 Diskusjon - spørsmål og kommentarar
  Diskusjonsleiar: Anders Ravik Jupskås
Slutt 10:30  

Med atterhald om endringar i programmet

Program (pdf)

                 

Om presentasjonane

Anders Jupskås - fenomenet populisme:

Jupskås tek føre seg tre utbreidde mytar om høgrepopulismen: (1) at høgrepopulismen er ein diffus protest mot ‘systemet’, (2) at høgrepopulismen veks som ein følgje av aukande ulikskap og (3) at høgrepopulistiske parti ikkje klarer overgangen fra opposisjon til posisjon. Eksisterande forsking gir lite støtte til desse påstandane.

Cathrine Moe Thorleifsson

Thorleifsson bidreg med analyse av populismen bak Trump, Brexit og framveksten av høgreradikale parti i Europa. Basert på feltarbeid blant veljarar og politikarar fra parti som UKIP og ungarske Jobbik ser ho på lokale tilhøve i samspel med globaliserte idestrømningar kan forklare populismens appell.

Gunn Enli - sosiale media:

Enli diskuterar korleis sosiale media endrar politisk kommunikasjon. Gir det økt politikermakt sammenlikna med tradisjonelle media? Er tradisjonelle meda framleis relevante? Får vi ein ny type politikarar som styrer den redaksonelle dekinga av valkamp?

Johannes Bergh - analyse av stortingsvalet

Populistiske strømningar har vore på frammarsj og har prega politikk, valkamp og valresultatet dei siste åra. Bergh analyserer valresultata og ser på korleis den populistiske bølgja har gjort seg gjeldene i norsk debatt og for utfallet av årets stortingsval.

 

Om innleiarane

 

Anders Ravik Jupskås

Forskar ved Senter for ekstremismeforskning: høyreekstremisme, hatkriminalitet og politisk vold (C-REX), tilknytta Institutt for statsvitenskap ved UiO.
Hans faglige interesser inkluderer høyreekstremisme, populisme, politiske partiar og nordisk politikk

 

Cathrine Moe ThorleifssonCathrine Moe Thorleifsson

Thorleifsson er forskar ved Sosialantropologisk institutt og C-REX Senter for ekstremismeforskning ved UiO. Hennar faglige interesser er nasjonalisme, populisme, migrasjon, grenser og identiet. Ho er tilknytta det ERC-finansierte forskningsprosjektet "Overheating: The Three Crises of Globalisation" leia av Thomas Hylland Eriksen og det NFR -finansierte prosjektet "European Strains " leia av Kalle Moene og Halvor Mehlum ved ESOP (Senter for studier av likhet, sosial organisering og ytelse).

 

Gunn EnliGunn Enli

Professor ved Institutt for medier og kommunikasjon ved UiO. Enli sit i fleire offentleg oppnevnte utval, er redaksjonsmedlem i tre internasjonale tidsskrift, og skriv kronikkar og kommentarar.

 

Johannes BerghJohannes Bergh

Johannes Bergh er leiar av Stortingsvalgundersøkelsen ved Institutt for samfunnsforskning. Han var tidlegare prosjektleiar for lokaldemokratiundersøkinga ved same institutt. Bergh forskar på tema som politisk deltaking, stemmegiving, politisk mobilisering av ungdom, valordningar og ulike prosjekt knytta til demokratiske innovasjonar og reformer.

Emneord: Populisme, Trump, Brexit, sosiale medier, stortingsvalget 2017
Publisert 28. aug. 2017 15:44 - Sist endra 14. nov. 2017 13:39