Frukost med Bernt: Gjensyn med Storebror - Orwell

Det totalitære samfunn og notida

Kor aktuell er Orwells diagnose i dag? Bernt i møte med Datatilsynet og Teknologirådet

Bernt Hagtvet
  • Fører dagens antiterrortiltak til at vi ikkje lenger torer kommunisere fritt?
  • Korleis kjempe forbrukarane si sak mot overvakingsøkonomien? 

Program

08:00 Registrering og frukostservering
08:30 Velkommen ved Partnerforums sekretariat
08:30 Orwell og kampen for kontrollen over eget tankeliv i dagens teknologiserte verden
Bernt Hagtvet, professor emeritus/UiO, Bjørknes Høyskole
09:00 Silicon Valley, overvåkingsøkonomien og oss 
Tore Tennøe, direktør Teknologirådet 
09:25 Storebror etter Snowden
Bjørn Erik Thon, direktør, Datatilsynet 
09:50 Diskusjon og spørsmål med salen leidd av Bernt Hagtvet
10:30 Slutt

Program (PDF)

Påmelding

Gratis inngang for tilsette hos partnarane (deltakeravgift er allereie betalt via medlemsbidraget til Partnerforum). Deltakaravgift for andre interesserte er kr. 400 (studentar/honnør kr. 200,-)

Påmelding for partnarane Fri inngang. Kven er partnar?

Påmelding for alle andre Studentar og eksterne

Om foredraga

Bernt Hagtvet: Edward Snowden kalte Storebrors toveisspeil for en barneleke mot det vi har i dag. Kan vi ha kontrollen med vårt eget tankeliv? Orwell mente nei.
George Orwell blir sammenliknet med Jonathan Swift og Edmund Burke i den fremste rekken av store politiske skribenter i den engelsktalende verden. Hans bøker Homage to Catalonia (1938), Animal Farm (1945) og Ninetyeightyfour (1949) - solgt i milliontall - er blitt normdannende i britisk og ja, internasjonal politisk debatt. Orwells disseksjon av det totalitære samfunns vesen, løgnen og undertrykkelsene vesen, kontrollen med  tankelivet og språket, elimineringen av historien og «double think» og «Newspeak» – alt har vist seg uhyggelig treffsikre begrepsdannelser i analysen av faktiske regimeformer, for eksempel Stalins Sovjet, Hitlers Tyskland og i nyere tid Mao, Pol Pot og Nord Korea.

Kor aktuell er Orwells diagnose i dag? Bernt Hagtvet vil argumentere for at dagens teknologi med telefonar og fotoapparat som registrerer kvar vi er, som legg privatlivet ope, og som ved hjelp av «big data» og Facebook registrerer våre kjøpevanar og preferansar – dette gjer Orwell til ein høgst aktuell forfattar. Ein uhyggeleg aktuell forfattar. Kan vi ha kontrollen med vårt eige tankeliv? Orwell meinte nei. Kva Bernt Hagtvet meiner, blir klart den 19. desember.

Tore Tennøe: «Thon & Tennøe» har samarbeidt i ei årrekkje, og dei skriv årleg ein rapport om personvern i overvakingsøkonomien i høve «Den internasjonale personverndagen», på vegner av arrangørane Teknologirådet og Datatilsynet.   Tennøe er først ut av dei to med eit føredrag om Silicon Valley; overvåkingsøkonomien og oss. Det er i skrivande stund ope kva Tennøe vil leggje vekt på i sitt føredrag. 

Nokre av «Thon og Tennøe» sine tidlegare kronikkar:
Når den svarte boksen sier nei  (2017). Intelligente maskiner kan bestemme om vi skal få banklån eller trygd. Da skylder den svarte boksen oss en forklaring.
Overvåkingsøkonomien (2016). Etter én time på nett har en tolvåring fått 62 spioner inn på barnerommet. EU tar nå opp kampen med Google, Facebook og Akersgata.
Personvernet etter Snowden (2014). Regjeringen vil ta personvern på alvor. Snowden-saken gir nye innsikter i hva dette vil bety.

Bjørn Erik Thon: Sidan 11. september 2001 er det innført ei lang rekkje tiltak som har auka overvakinga av borgarane. Siste skotet på overvakingsstamma er forslaget om å innføre eit såkalla digitalt grenseforsvar. I føredraget gir Bjørn Erik Thon ei oversikt over anti-terrortiltaka som er innførte. Han analyserer om tiltaka enkeltvis, eller i sum, har svekka borgarane sitt personvern. Vidare vurderer han om forslaget til digitalt grenseforsvar, på same måte som datalagringsdirektivet, er i strid med grunnleggjande menneskerettar og grunnlovsvernet nedfelt i § 102 i Grunnlova.
Det vert snakka mykje om nedkjølingseffekt, altså at borgarane ikkje torer kommunisere fritt fordi dei fryktar at nokon ser dei i korta. Ser vi tendensar til nedkjølingseffekt i dagens samfunn? Og kva er i så fall resultatet av det? 

Om innleiarane

Bernt Hagtvet er professor emeritus ved Institutt for statsvitskap på Universitetet i Oslo. Hagtvet underviser i politisk teori, menneskeretts- og demokratistudium, europeisk politikk og fascisme og nynazisme, og i studiet av politiske ideologiar. Andre interessefelt er ekstremrørslers sosiologi og historie og intellektuelle si rolle i politikken.
Hagtvet er også kjend for å ha arrangert titals «Frokost med Bernt» over fleire år saman med Anders Ravik Jupskås i aud. 7 på SV-fakultetet. Den samfunnsaktuelle frukostserien var ein populær møteplass for studentar og andre interesserte. Knut Olav Åmås (tidl. kultur- og debattredaktør i Aftenposten) omtala frukostserien som “... en av de viktigste deloffentlighetene i hovedstaden: Flere ganger månedlig møtes flere enn 200 mennesker for å drøfte brennbare problemer i kultur og samfunn: tidlig om morgenen, i to stive timer, med frokost, gratis og åpent for alle.” (Aftenposten, 30.01.09).
Seminaret den 19. desember 2017 er den tredje Bernt-frukosten i Partnerforums regi.
 

 

 

Tore Tennøe er historikar og direktør i Teknologirådet, som gir råd til Stortinget og regjeringa om ny teknologi.

 


 

 

Bjørn Erik Thon har vore direktør i Datatilsynet sidan august 2010, og blei nettopp utnemnd for ein ny seksårsperiode. Han har vore særleg opptatt av korleis personvern og teknologi kan spele saman, og ser fram til at den nye personvernforordninga trer i kraft i mai 2018. Thon var forbrukarombod i ti år og har vore dommarfullmektig, advokatfullmektig og politisk rådgivar i Justisdepartementet. Han har også hatt ei rekkje tillitsverv i Venstre, bl.a. nestleiar i Oslo Venstre og valkampleiar i Oslo. Thon har gitt ut fleire krimromanar, fagbøker og no sist biografien Den amerikanske presidentens norske datter – Olga Wilsons dobbeltliv (Gyldendal, 2014). Han er 52 år og bur i Oslo med familien sin.

 

 

 

Partnerforum er eit samarbeid mellom Universitetet i Oslo, Handelshøyskolen BI og statlege verksemder. Vi er 21 partnarar som samarbeider om å lage arrangement om tema som er aktuelle for statsforvaltninga og det breie offentlege rom. Partnerforum lagar årleg ca. 11 fellesarrangement og eitt seminar for kvar partnar. I fjor bidrog 102 innleiarar for 3000 deltakarar på 25 arrangement.

 

Emneord: Sikkerhet, Demokrati, Eitkk, Juss, Ytringsfrihet, Forvaltningspolitikk, IKT - innovasjon
Publisert 3. juli 2017 13:44 - Sist endra 14. nov. 2017 13:39