Viktige årstal i UiO-historia

1815: Universitetet leier lokalar ved Christiania Torv

1833: Mot nullpunktet i Observatoriet

1852: Urbygningen: Kultur i ny glans

1912: Kristine Bonnevie: Biolog i ei brytningstid

1936: Farmasibygningen: Fargerik funkis på Blindern

1970: Studenttalet når 16 800

1999: Georg Sverdups hus - universitetets hjarte

2011: UiO feirar 200-årsjubileum

1811

Universitetet vert grunnlagd av Kong Fredrik VI. Det er det første i Noreg, og det får namnet Det Kongelige Frederiks Universitet, på latin Universitas Regia Fredericiana.

1813

Undervisinga tar til i leigde lokalar. Det er fire fakultet, sju professorar og atten studentar ved universitetet.

1833

Universitetets Astronomiske Observatorium står ferdig. Observatoriet vert eit viktig symbol på nasjonsbygging og utviklinga av norsk realfagleg vitskap.

1852

Universitetet flyttar inn i nye bygg ved Karl Johans gate.

1882

Noregs første kvinnelege student, Ida Cecilie Thoresen, blir immatrikulert.

1906

W.C. Brøgger blir valt til den første rektoren ved universitetet.

1912

Kristine Bonnevie blir utnemd til Noregs fyrste kvinnelege professor.

1936

Dei nye universitetsbygga for realfaga på Blindern blir opna offisielt.

1939

Studentsamskipnaden (SiO) kjem til for å betre velferda til studentane.

1943

Okkupasjonsmakta aksjonerer mot universitetet. 650 mannlege studentar vert deporterte.

1947

Statens Lånekasse for studerende ungdom vert oppretta. Høgare utdanning blir slik tilgjengeleg for fleire.

1962

Dei fyrste bygningane i eit utvida campus vert tekne i bruk. Dei store barnekulla frå etterkrigstida strøymer snart inn til eit moderne og mangfaldig masseuniversitet.

1969

Ragnar Frisch får Nobelprisen i økonomi, og Odd Hassel får Nobelprisen i kjemi.

1970

Studenttalet når 16.800, tre gonger så mange som i 1960.

1973

Ivar Giæver får Nobelprisen i fysikk.

1982

Kvinner kjem i fleirtal blant studentane.

1989

Trygve Haavelmo får Nobelprisen i økonomi.

1999

Det nye Universitetsbiblioteket, Georg Sverdrups hus, opnar dørene på Blindern.

2003

UiO innfører Kvalitetsreformen, og gradsstrukturen, undervisningsopplegget og eksamensformene vert endra.

2011

UiO feirar 200-årsjubileum.

Publisert 14. juli 2010 13:53 - Sist endret 12. mars 2015 14:16