Odd Hassel – kjemi 1969

Odd Hassel fekk i 1969 Nobelprisen i kjemi saman med Sir Derek H.R. Barton. Dei to fekk prisen for pionerarbeidet dei hadde gjort på struktur og konformasjon i organiske molekylar.

Odd Hassel

Odd Hassel (1897-1981) tok dr.philos.-graden i 1924. Han arbeidde som universitetsstipendiat ved UiO fra 1925 til 1926. Då vart han tilsett som dosent ved Kjemisk institutt. I 1934 vart Hassel utnemd til Noregs første professor i fysikalsk kjemi.

Ein pioner

Odd Hassel fekk Nobelprisen i kjemi for pionerarbeidet han hadde gjort på organiske molekylars struktur og konformasjon. Hassel interesserte seg særleg for sykloheksanar og sykloheksanderivat. I samband med dette arbeidet gjorde han ei rekke dipolmomentmålingar, og han er blant pionerane i arbeidet med å avgjere molekylstrukturen i gassfase ved hjelp av elektrondiffraksjon.

I fengsel under krigen

Hassel heldt fram arbeidet under krigen, men i 1943 vart han arrestert. Han satt i fengsel til november 1944. Først etter krigen kunne han igjen ta til med arbeidet.

Ærespriser

I tillegg til Nobelprisen fekk Hassel ei rekke prisar. Han var æresdoktor ved universiteta i København og Stockholm, og medlem av både det Kgl. Norske Videnskapers Selskab og tilsvarande selskap i Sverige og Danmark. Han var medlem av Det Norske Videnskaps-Akademi og The Chemical Society i London. Han fekk Gunnerusmedaljen i 1964. Same år vart han den første som fekk Guldberg-Waage-medaljen.

 

Publisert 3. aug. 2010 10:50 - Sist endret 9. aug. 2010 13:57