Ragnar Frisch – økonomi 1969

Professor Ragnar Frisch grunnla Sosialøkonomisk institutt ved UiO i 1932. Ei rekkje banebrytande arbeid gjorde at han ble fekk Nobelprisen i økonomi i 1969.

Ragnar Frisch

Ragnar Anton Kittil Frisch (1895-1973) skulle eigentleg bli gullsmed som far sin, og byrja som lærling hos David-Andersen i Oslo. Ved sida av lærlingepraksisen studerte han økonomi, fordi det var det "kortaste og lettaste studiet" ved UiO, ifølgje Frisch sjølv.

Studerte økonomi og matematikk

Han tok cand.oecon.-graden i 1919, Då lærlingetida som gullsmed var over eitt år seinare, drog han utanlands for å halde fram med studia i økonomi og matematikk. I 1926 vart han dosent ved UiO og tok dr.philos.-graden. I 1931 vart han utnemd til professor, og i 1932 grunnla han Sosialøkonomisk instiutt, no Økonomisk institutt, ved UiO. Instituttet vart finansiert av ei pengegåve frå Rockefeller-stiftinga, og i byrjinga konsentrerte dei tilsette seg fullt ut om forsking.

Banebrytande innen økonometri

Ragnar Frisch leverte ei rekkje banebrytande arbeid innan økonometrien, og for dette fekk han den aller første Nobelprisen i økonomi, som han delte med nederlenderen Jan Tinbergen. Under depresjonen i 1930-åra var Frisch ein av dei første sosialøkonomane som gjekk inn for ein aktiv konjunkturpolitikk, det vil seie å auke den totale etterspørselen i samfunnet ved å auke staten sitt aktivitetsnivå, og dermed også utgiftene til staten.

Utvikla metodar for nasjonalregnskap

Under krigen utarbeidde Frisch nye metodar for oppstilling av nasjonalregnskapet, og desse metodane vart brukt då dei laga det første norske nasjonalbudsjettet etter krigen. Seinare arbeidde han som økonomisk ekspert i forskjellige utviklingsland, og budde lenge både i India og Egypt.

 

Publisert 9. aug. 2010 13:52 - Sist endret 9. aug. 2010 13:58