Trygve Haavelmo – økonomi 1989

Haavelmo fekk Nobelprisen i økonomi i 1989. Han fekk prisen for sitt viktige bidrag til økonometrien.

Trygve Haavelmo

Trygve Haavelmo (1911-1999) fekk i 1933 cand.oecon.-graden og vart dr.philos. i 1946. Han var knytt til Ragnar Frisch ved Sosialøkonomisk institutt 1933-39, som då var relativt nytt. Han arbeidde som førelesar i statistikk ved Aarhus Universitet fra 1938 til 1939.

Under krigen arbeidde han i USA. Etter en kort periode som byråsjef i Handelsdepartementet, vart han tilsett som professor i sosialøkonomi og statistikk ved Sosialøkonomisk institutt ved UiO.

Nytt forskingsområde

Doktoravhandlinga hans fra 1944, "The Probability Approach in Econometrics", viste at mange av de eksisterande økonomiske teoriane var villeiande, fordi de ikke tok nok omsyn til dei uendeleg mange økonomiske faktorane som verkar inn på faktisk økonomisk utvikling.

Haavelmo introduserte metodar frå matematisk statistikk i økonomisk analyse, og la slik grunnlaget for eit heilt nytt område i den økonomiske forskinga.

Miljøperspektiv

Sjølv om det var arbeidet hans innan økonometrien som førte til at han fekk Nobelprisen, var Haavelmo også tidlig ute på andre område. Han har levert pionerarbeid på felt som økonomi i utviklingsland, og økonomi sett i et miljøperspektiv. Mange forskingsarbeid som har komme seinare byggjer på og har vore inspirerte av ideane til Haavelmo.

 

Publisert 9. aug. 2010 13:52 - Sist endret 9. feb. 2011 15:10