print logo

Fusk

Fusk inneber eit brot med det ein kallar akademisk truverde. Akademisk truverde vil seie å vere ærleg i høve til kva tanker og refleksjonar som er eins eigne og kva for nokre ein har lånt frå andre sine arbeid.

Du kan bli mistenkt for fusk eller forsøk på fusk dersom du:

  • lèt vere å gje opplysningar om kjelder
  • gjev inntrykk av at eit svar er meir sjølvstendig enn det faktisk er
  • brukar hjelpemiddel eller medhjelparar som ikkje er tillatne

Du skal setje deg inn i reglane som gjeld for hjelpemiddel ved eksamen og for kjeldebruk og sitering. Manglande kjennskap til reglane fritek ikkje for ansvar.

Kva er fusk på oppgåveinnleveringar?

Ved alle typar oppgåveinnleveringar er det rekna som fusk å la vere å oppgje kjelder eller å la vere å utheve sitat.

Du skal oppgje kjeldene du brukar i oppgåva, uansett studienivå og fag. Dersom du hentar opplysningar, resonnement og argument frå litteratur, pensum, førelesningsnotat, nettsider, andre studentar sine svar eller eigne tidlegare leverte svar, skal du gje opp kjelda. Dersom du siterer kortare eller lengre tekstutsnitt ordrett, skal dette uthevast slik at det kjem til syne at det er eit sitat.

Ver merksam på at det ikkje er tillate å samarbeide med andre studentar, med mindre samarbeidet er ein del av vurderingsforma og går fram av emneomtalen.

Kva er fusk på skuleeksamenar?

Ved skuleeksamen er det rekna som fusk å bruke hjelpemiddel, med mindre det går fram av eksamensoppgåva at dette er tillate. Det kan også reknast som fusk å ha tilgang til ulovlege hjelpemiddel sjølv om dei ikkje blir brukte. 

All kommunikasjon mellom kandidatar i lokalet er forbode. Det er heller ikkje tillate å ta kontakt med andre kandidatar eller andre personar under toalettbesøk/luftetur.

Mobiltelefonar og anna elektronisk utstyr skal vere slått av og pakka vekk.

Saksbehandling ved mistanke om fusk

UiO har fastsett rutinar for saksgang ved mistanke om fusk eller forsøk på fusk. I rutinene finn du også informasjon om rettar for studentar som blir mistenkte for fusk/forsøk på fusk.

Klagenemnda ved UiO gjer vedtak i saker om mistanke om fusk eller forsøk på fusk. Klagenemnda fastset i kvart tilfelle kva sanksjonar som skal setjast i verk. Vedtaket i Klagenemnda kan ankast til ei nasjonal klagenemnd.

Publisert 10. des. 2010 10:15 - Sist endra 18. apr. 2012 13:35