Grunngjeving og klage
Du kan be om grunngjeving for eksamenskarakterar. Du kan også klage på eksamenskarakterar eller på formelle feil ved eksamen.
Grunngjeving for eksamenskarakter
Du har rett til å få ei grunngjeving for eksamenskarakterane dine.
Korleis: For dei fleste emne er framgangsmåten skildra på emnesida. Dersom ikkje dette er oppgjeve, kan du vende deg til kontaktpunktet som står på emnesida.
Frist: Dersom det er ein munnleg eller praktisk eksamen, er fristen straks etter at du har fått vite karakteren din. Dersom det er en skriftleg eksamen, er fristen ei veke etter at karakteren er kunngjord. Dersom sensuren vart offentleggjord tidlegare enn den opplyste sensurfristen, er fristen ei veke frå opplyst sensurdato.
Behandling: Sensor avgjer om du får grunngjevinga skriftleg eller munnleg. Du skal normalt få grunngjevinga innan to veker etter at du har bede om det.
Klage på eksamenskarakter
Du har rett til å klage på eksamenskarakterane dine. Vi rår til at du først bed om ei grunngjeving, men du kan også klage utan å be om grunngjeving først.
Munnlege eller praktiske eksamenar kan ikkje påklagast, fordi prestasjonen ikkje er dokumentert for ettertida. Forprøver kan berre påklagast dersom prøva ikkje er bestått.
Korleis: Klage på eksamenskarakter skal alltid vere skriftleg og signert, og nokre fakultet/institutt har eit eige klageskjema som skal brukast. Lever eller send klagen eller klageskjemaet til kontaktpunktet som står på emnesida. Klagar som er ufullstendige kan bli avviste.
Frist: Tre veker etter at karakteren blei kunngjord. Dersom sensuren blir offentleggjord før den opplyste sensurfristen, er klagefristen tre veker frå den opplyste sensurfristen. Dersom du har bede om grunngjeving eller klaga over formelle feil ved eksamen, går klagefristen frå det tidspunktet du har fått grunngjevinga eller svaret på den formelle klagen.
Behandling: Eksamenssvaret blir behandla av to nye sensorar. Minst ein av sensorane skal ikkje vere tilsett ved UiO. Resultatet kan vere anten betre enn, det same som eller dårlegare enn den opphavlege karakteren. Behandlingstida er vanlegvis tre veker, og du får skriftleg melding om resultatet av klagen. Du kan ikkje klage på den nye karakteren.
Klage på formelle feil ved eksamen
Du har rett til å klage over formelle feil ved eksamen. Formelle feil kan vere feil til dømes ved oppgåvegjeving, eksamensavvikling eller ved gjennomføring av sensur.
Korleis: Vend deg til kontaktpunktet som står på emnesida.
Frist: Tre veker etter at du er eller burde vere kjend med forholdet som grunngjev klagen. Dersom du først har bede om grunngjeving for eller klaga på eksamenskarakter, går klagefristen frå det tidspunktet du har fått grunngjeving eller svar på karakterklagen.
Behandling: Dersom feilen ikkje kan rettast opp av fakultetet, blir klagen oversendt klagenemnda ved UiO. Dersom det er gjort formelle feil ved eksamen, kan det hende at sensuren må gjennomførast på nytt eller at det må arrangerast ny eksamen.