print logo

Klausulering av masteroppgåva

Å klausulere vil seie å skjerme for innsyn. Masteroppgåva må klausulerast dersom ho inneheld opplysningar som er undergjevne teieplikt. I visse tilfelle kan du krevje klausulering av andre grunnar.

Avtale om klausulering inngår ein ved instituttet eller fakultetet der oppgåva  blir innlevert. Utfylt klausuleringsskjema skal leverast saman med oppgåva.

Skjema for klausulering

Lovpålagd klausulering

Mastergradsoppgåver som inneheld opplysningar som er undergjevne teieplikt skal klausulerast. Oppgåver som er klausulerte på dette grunnlaget, kan andre ikkje få innsyn i utan etter spesielt løyve, og dei kan derfor heller ikkje lånast ut.

Reglane om teieplikt er nedfelt i forvaltningsloven § 13 og gjeld følgjande opplysningar: 

  • opplysningar om personlege forhold ved nokon.*
  • opplysningar om tekniske innretningar og framgangsmåtar samt drifts- eller forretningsforhold som det ut frå konkurransehensyn vil vere grunn til å halde hemmeleg av omsyn til den som opplysninga gjeld.
  • opplysningar undergjevne teieplikt som forskaren får frå eit forvaltingsorgan.
  • opplysningar som er mottekne frå private under teiepliktsløfte i samband med forskingsarbeidet.
  • opplysningar som gjeld personar som står i eit avhengnadsforhold til den instansen (skule, sjukehus, anstalt, bedrift, offentleg organ m.m.) som har formidla deira kontakt med forskaren.

* Teieplikt etter § 13 er ikkje til hinder for at opplysningane blir brukte når ingen rettkomen interesse tilseier at dei blir haldne hemmelege, til dømes når dei er alminneleg kjende eller alminneleg tilgjengelege andre stader (§13 a, pkt 3).

Klausulering av andre grunner

I visse tilfelle kan ein krevje klausulering av andre grunnar enn lovbestemt teieplikt. Til dømes dersom studenten ønskjer å arbeide vidare med stoffet med sikte på ein doktorgrad eller anna utgjeving. Denne typen klausulering gjeld berre for ein avgrensa periode. Lengd og grunngjeving for klausuleringa må oppgjevast. Maksimum lengd er 5 år.

Biblioteka vil med heimel i åndsverklova § 27, jf. offentleglova § 3 og § 26, kunne gje forskarar og studentar innsyn i oppgåva, men den som låner oppgåva kan ikkje bruke eller sitere frå oppgåva i si eiga framstilling utan å innhente samtykke frå forfattaren.

Oppbevaring av klausulerte oppgåver

Klausulerte oppgåver blir oppbevarte i universitetsbiblioteket sitt arkiv.

  • Klausulering grunna lovpålagd teieplikt inneber at det ikkje blir gjeve innsyn i oppgåva og at oppgåva ikkje blir lånt ut. 
  • Klausulering av andre grunnar inneber at det kan gjevast innsyn i oppgåva, men det kan ikkje siterast frå henne utan fullmakt frå forfattaren.
Publisert 4. mai. 2010 14:16 - Sist endra 16. apr. 2012 14:02