Ta eksamen på nytt
Du kan vanlegvis ta eksamen på nytt, men tidspunktet heng saman med om du hadde gyldig forfall til ordinær eksamen.
Med gyldig forfall
Dersom du hadde gyldig forfall til ordinær eksamen, kan du søkje om å ta utsett eksamen. Gyldig forfall kan bli godkjent dersom du var sjuk på eksamen eller det var andre sterke grunnar til at du ikkje kunne ta eksamen.
Utsett eksamen blir arrangert rett etter ordinær eksamen eller tidleg i semesteret etter ordinær eksamen. I emne som har ordinær eksamen kvart semester, kan imidlertid utsett eksamen bli arrangert samtidig med neste ordinære eksamen.
Sjå informasjon ved fakultetet ditt om korleis du søkjer utsett eksamen:
Kontakt fakultetets studieinformasjonssenter dersom fakultetet ditt ikkje har eigen informasjon om utsett eksamen.
Utan gyldig forfall
Dersom du ikkje har bestått ordinær eksamen eller dersom du ønskjer å forbetre karakteren din, kan du ta eksamen på nytt neste gong det blir arrangert ordinær eksamen i emnet.
I dei fleste emna ved UiO kan du framstille deg til eksamen inntil tre gongar. Du kan ikkje ta eksamen på nytt dersom du har brukt opp talet på lovlege eksamensforsøk.