Sjukdom før eller under eksamen
Er du sjuk i samband med eksamen eller har annan gyldig grunn til ikkje å møte til eksamen? For å unngå å bruke eit forsøk må du levere legeattest eller tilsvarande dokumentasjon til fakultetet.
Dersom du blir sjuk før eksamen
- Oppsøk lege med ein gong du blir sjuk dersom du trur sjukdomen kjem til å vare fram til eksamenstidspunktet.
- Lever eller send legeattesten til fakultetet seinast 3 dagar etter den første eksamenen han gjeld for. (På MN-fakultetet er fristen ei veke etter eksamen.)
- Det skal gå tydeleg fram av legeattesten at du ikkje kan gjennomføre eksamen på grunn av sjukdom og kva periode den gjeld for.
- Sjukdom hos nokon du har omsorg for, dødsfall i familien eller andre sterke grunnar kan også bli godkjent som gyldig forfall.
Dersom du blir sjuk under eksamen
- Gje melding til overinspektøren i eksamenslokalet.
- Ikkje lever inn eksamenssvaret. Dersom du leverer inn eksamenssvaret, brukar du opp eit eksamensforsøk.
- Oppsøk lege same dag, bruk studenthelsetenesta om mogleg. Får du ikkje time på annan måte, må du bruke legevakta.
- Lever eller send legeattesten til fakultetet seinast 3 dagar etter eksamen. (På MN-fakultetet er fristen ei veke etter eksamen.)
- Det skal gå tydeleg fram av legeattesten at du ikkje kunne gjennomføre eksamen på grunn av sjukdom som har oppstått eller blitt verre etter at eksamenen starta.
- Sjukdom hos nokon du har omsorg for, dødsfall i familien eller andre sterke grunnar kan også bli godkjent som gyldig forfall.
Ta eksamen på nytt
Dersom du får godkjent gyldig forfall til eksamen, brukar du ikkje opp eit av eksamensforsøka dine. Les meir om å ta eksamen på nytt.
Fann du det du leita etter?
Publisert 10. des. 2010 09:47
- Sist endra 16. apr. 2012 14:00