print logo

Praktiske tips til skuleeksamen

Ein skuleeksamen er ein skriftleg eksamen der du arbeider under tilsyn av eksamensvakter. 

Når skal eg møte?

  • På dei fleste eksamenane må du møte opp 15 minutt før eksamensstart. 

Kva skal eg ta med?

  • Du må ta med gyldig legitimasjon, gjerne studentkort. Det er ikkje påkravd å ha med semesterkort.
  • Du må ta med skrivesaker (kulepennar).
  • Du bør ta med klokke, mat og drikke for den tida eksamenen varer. Du kan ikkje bruke mobiltelefon eller mp3-spelar som klokke.
  • Du bør ta med tillatne hjelpemiddel som er nevnt i emneomtalen.

Under eksamen

  • Spørsmål til oppgåva kan rettast til faglærar som vanlegvis kjem i løpet av den første timen av eksamen.
  • Toalettbesøk og luftepausar kan takast når som helst, bortsett frå den første halvtimen. Rett opp handa og vent til ei av eksamensvaktene kjem og følgjer deg ut.
  • Mobiltelefonar og tilsvarande skal vere slått av og pakka vekk.
  • Kommunikasjon med andre kandidatar under eksamenen er forbode. Les meir om fusk.

Trekk frå eksamen

  • Du kan ikkje forlate eksamenslokalet før 30 minutt etter eksamensstart.
  • Trekk under eksamen blir rekna som eit forsøk.
  • Trekk under eksamen på grunn av sjukdom har eigne reglar.
Publisert 29. nov. 2010 09:37 - Sist endra 24. jul. 2012 10:19