print logo

Semesterkort og studiekort

Semesterkort

Du får semesterkort i posten når du har registrert deg i StudentWeb og betalt semesteravgifta.

Ta godt vare på semesterkortet. Du må ha det med deg blant anna for å få studiekort eller om du skal reise med studentmoderasjon.

Eit gyldig semesterkort er ei stadfesting på at du

  • har betalt semesteravgifta det aktuelle semesteret
  • er registrert som student det aktuelle semesteret
  • har studierett til det studiet som står i feltet "Oppteken til desse studia" på semesterkortet

Slik får du semesterkortet i posten

Har du mista eller ikkje fått semesterkortet?

Semesterkortet kan vere på vei. Dersom det er sendt frå UiO står det "Semesterkort bestilt til semesteradressa di: (dato)" på startsida i StudentWeb. Sjekk at adressa di er oppdatert og korrekt registrert i StudentWeb.

Dersom adressa di i StudentWeb er korrekt og du:

  • ikkje har fått semesterkortet - bestill nytt nedanfor
  • har mista semesterkortet - bestill nytt nedanfor

Vi sender eit nytt semesterkort til semesteradressa di eit par dagar etter at du har bestilt det.

Bestilling av nytt semesterkort vår 2013

Studiekort for UiO

Studiekortet er eit kort med ditt namn og bilete. Saman med semesterkortet for aktuelt semester er det gyldig som studentbevis. Du kan blant anna bruke studiekortet som tilgangskort og lånekort ved biblioteka på UiO. Gyldig studentbevis gjev deg rett til moderasjon på blant anna reiser og teater.

Studiekort får du på SiOsenteret. Hugs semesterkortet og gyldig legitimasjon.

Publisert 15. apr. 2010 13:27 - Sist endra 26. feb. 2013 14:57