Fristar - søkje plass på undervisninga og melde deg til eksamen
Fristane gjeld for deg som er teke opp til studium på UiO. Les om korleis du søkjer opptak.
Eit emne består av undervisning og eksamen. Kva fristar som gjeld for deg avheng av kva du studerer.
- Du søkjer plass på undervisninga, får svar og melder deg til eksamen i Studentweb.
- Fristane gjeld midnatt den aktuelle datoen.
Fristar hausten 2012
Nye studentar på bachelorprogram og årseiningar
| 16.08. |
Frist for å søkje plass på undervisninga og samstundes bli prioritert i opptaket til undervisninga. Vi råder deg til å gå på infomøtet på programmet ditt før du registrerer deg i Studentweb. Svaret blir publisert seinast 20. august. Merk at mange bachelorstudentar på MN er førehandsplasserte på undervisninga i obligatoriske emne. |
| 21.08. | Kl. 9 Start for å søkje på emne med ledige plassar - om du ikkje fekk plass på ønska emne i første runde. Du får svar med éin gong etter først-til-mølla-prinsippet. |
| 01.09. | Siste frist for å søkje på emne med ledige plassar, stadfeste utdanningsplanen og betale semesteravgifta. |
Noverande programstudentar som skal ta bacheloremne ved TF, JUS, HF, SV og UV
| 01.06. | Start for å søkje plass på undervisninga. |
| 12.06. | Frist for å søkje plass på undervisninga og samstundes bli prioritert i opptaket til undervisninga. Svaret publiseres seinast 15. juni. |
| 28.06. | Start andre runde for å søkje plass på undervisninga og framleis bli prioritert i opptaket til undervisninga. |
| 16.08. | Frist for å søkje plass på undervisninga. Svaret publiseres seinast 20. august |
| 21.08. | Kl. 9. Studentweb opner igjen for å søkje på emne med ledige plassar om du ikkje fekk plass på ønska emne i første runde. Du får svar med éin gong etter først-til-mølla-prinsippet. |
| 01.09. | Siste frist for å søkje på emne med ledige plassar, stadfeste utdanningsplan og betale semesteravgifta. |
Noverande programstudentar og enkeltemnestudentar som skal ta emne ved MN
| 01.06. |
Start for å søkje plass på undervisninga. Merk at mange bachelorstudentar på MN er førehandsplasserte på undervisning i obligatoriske emne. |
| 16.08. | Frist for å søkje plass på undervisninga. Svaret blir publisert seinast 20. august. |
| 21.08. | Start for å søkje på emne med ledige plassar. Du får svar med éin gong etter først-til-mølla-prinsippet. |
| 01.09. | Siste frist for å søkje på emne med ledige plassar, stadfeste utdanningsplan/semesterregistrere deg og betale semesteravgifta. |
Studentar på masterstudiet i rettsvitenskap
| 01.06. | Start for å søkje plass på undervisninga. |
| 15.06. | Frist for å søkje plass på undervisninga for noveranda studentar. Svar blir publisert seinast 17. juni |
| 07.08. | Start andre runde for å søkje plass på undervisninga både for noverande og nye studentar. |
| 15.08. | Frist andre runde for å søkje plass på undervisninga. Svaret blir publisert seinast 20. august |
| 01.09. | Frist for å melde deg til eksamen, stadfeste utdanningsplanen og betale semesteravgifta. |
Studentar på masterprogram
Fristane for å søkje plass på undervisninga varierer mellom studieprogramma og fakulteta. Kontakt studieprogrammet eller fakultetets studieinformasjonssenter.
| 01.09. | Frist for å melde deg til eksamen, stadfeste utdanningsplanen og betale semesteravgifta. |
Studentar på profesjonsstudiet i psykologi
Du blir administrativt plassert på dei fleste emna, både på undervisning og til eksamen. Les om kva du må gjere i Studentweb på Psykologisk institutt si side om undervisningsopptak
| 01.09. | Frist for melding til eksamen, stadfeste utdanningsplanen og betale semesteravgifta. |
Enkeltemnestudentar
inkl. nye enkeltemnestudentar ved MN
| 21.08. | Kl. 9. Studentweb opnar for å søkje på emne med ledige plassar. Du får svar med éin gong etter først-til-mølla-prinsippet. |
| 01.09. | Frist for å søkje på emne med ledige plasser, semesterregistrere deg og betale semesteravgifta. |
Forkortingar
TF = Det teologiske fakultet
JUS = Det juridiske fakultet
HF = Det humanistiske fakultet
SV = Det samfunnsvitskapelege fakultet
UV = Det utdanningsvitskapelege fakultet
MN = Det matematisk-naturvitskapelege fakultet