print logo

Søkje om permisjon eller deltidsstudium

I somme situasjonar kan det hende du har behov for å søkje permisjon frå studiet du går på, eller du kan ha behov for deltidsstudium ein periode. Det kan vere at du har fått barn, at du skal avtene verneplikt eller at du er langtidssjuk.

Kven kan søkje permisjon?

Studentar med studierett til eit studieprogram kan søkje om permisjon, men det er vilkår knytte til når du kan søkje og kor lenge du kan vere i permisjon. 

Fakulteta har ulike reglar for kva som kan gje grunnlag for permisjon. Døme på forhold som kan gje grunnlag for permisjon: 

Kven kan søkje deltidsstudium?

Studentar med studierett til eit studieprogram kan søkje om deltidsstudium, men det er vilkår knytte til når du kan søkje og kor lenge du kan få løyve til deltidsstudium. 

Søknadsfrist

Søknadsfristen for permisjon og deltidsstudium for dei fleste studieprogramma er

  • 1. september for haustsemesteret.
  • 1. februar for vårsemesteret.

Medisin-, odontologi, og ernæringsstudiet og studieprogram ved Matematisk-naturvitskapleg fakultet har eigne søknadsfristar.

Dersom du får behov for deltidsopplegg etter fristen, må du sende søknaden så snart som mogleg etter at behovet oppstod.

Korleis søkje

Sjå informasjon ved fakultetet ditt:

Kontakt fakultetets studieinformasjonssenter dersom fakultetet ditt ikkje har eigen informasjon om permisjon og deltidsstudium.

Publisert 20. mai. 2010 10:35 - Sist endra 27. aug. 2012 09:13