print logo

Studentar i foreldrepermisjon

Dersom du treng foreldrepermisjon, må du sende søknad til fakultetet. Du må du setje deg inn i reglane til Lånekassen om foreldrestipend.

Foreldrestipend frå Lånekassen

Du må setje deg inn i vilkåra for å få foreldrestipend frå Lånekassen når du søkjer om foreldrepermisjon. Foreldrepermisjonen ved UiO kan vere kortare eller lengre enn perioden du får foreldrestipend frå Lånekassen.

Betale semesteravgifta og registrere deg

Du kan velje å betale semesteravgifta og registrere deg medan du er i foreldrepermisjon, sjølv om du ikkje skal ta emne. Dette inneber at du får semesterkort og framleis kan nytte velferdstilboda til Studentsamskipnaden. Dei vanlege fristane for å betale semesteravgifta og registrere deg gjeld. Merk at det ikkje blir send studentstatus om deg til Lånekassa dersom du har permisjon, sjølv om du har registrert deg og betalt semesteravgifta.

Følgje undervisning og ta eksamen

Du kan velje å følgje undervisning og ta eksamen i emne medan du er i foreldrepermisjon. Dette passar for studentar som ønskjer å studere i permisjonsperioden, men er avhengig av at studieprogrammet ditt gjer det mogleg. Dei vanlege fristane for å søkje plass på undervisninga og melde seg til eksamen gjeld.

På studieprogramma i farmasi, klinisk ernæring, medisin, odontologi og tannpleie er undervisninga integrert og kompleks, og det er ikkje alltid faglig forsvarleg eller mogleg å skilje ut deler av undervisninga. Studentar på desse studieprogramma må kontakte fakultetet for å avklare om det er mogleg å følgje undervisning i permisjonsperioden.

Nytt undervisningsopptak

Dersom du må avbryte eit emne på grunn av fødsel, kan du søkje nytt undervisningsopptak til det same emnet. Dette gjeld sjølv om emnet berre tillèt undervisningsopptak éin gong, men er avhengig av at emnet går når du er tilbake etter permisjonen.

Utvida studietid

Du får utvida studietida tilsvarande foreldrepermisjonsperioden. Dette gjeld sjølv om du vel å betale semesteravgifta, registrere deg, følgje undervisning og ta eksamen.

Korleis søkje

Sjå informasjon ved fakultetet ditt:

Kontakt studieinformasjonssenteret på fakultet dersom fakultetet ditt ikkje har eigen informasjon om foreldrepermisjon.

Publisert 22. jun. 2010 09:49 - Sist endra 18. feb. 2013 13:52