Betale semesteravgift, kopiavgift og SAIH-tiarane
Studentar ved UiO skal kvart semester betale semesteravgift, kopiavgift og eit frivillig bidrag til SAIH. Betalingsopplysningar finn du i StudentWeb.
Frå hausten 2012 vil semesteravgifta være kr 550.
Fristar
- Haust: 1. september
- Vår: 1. februar
Betaling
Betalingsopplysningar, dvs. kontonummer, KID-nummer og beløpet du skal betale finn du i StudentWeb. Du betaler på same vis som du til vanleg betaler rekningar i banken din. Om naudsyn, kan du bestille faktura i StudentWeb.
Beløpa
- Semesteravgift til Studentsamskipnaden i Oslo og Akershus (SiO), kr 550
- Kopiavgift til UiO, kr 100 (kr 50 dersom du er definert som deltidsstudent)
- SAIH-tiarane, kr 30. Dersom du ikkje vil støtte SAIH kan du trekkje frå kr 30 på fakturabeløpet.
Spørsmål om semesteravgift?
Har du betalt til ein annan studentsamskipnad?
Vil du betale semesteravgifta frå utlandet?
Kan du få refundert semesteravgifta?
Har du permisjon eller studerer du på deltid?
Andre spørsmål?
Kontakt Knutepunktet
Publisert 12. apr. 2010 15:48
- Sist endra 24. mai. 2012 08:38