print logo

Betalt semesteravgifta til ein annan studentsamskipnad

Du treng ikkje å betale semesteravgifta til fleire studiestader for å studere ved UiO. Dersom du betaler semesteravgifta til ein annan studentsamskipnad enn Studentsamskipnaden i Oslo og Akershus (SiO), avdeling UiO, må det registrerast ved UiO.

Registrer ekstern betaling

Fristen for å registrere ekstern betaling for vårsemesteret 2013 er no gått ut.

Fristar

  • Haust: 1. september
  • Vår: 1. februar

Om du ikkje betaler til SiO ved UiO

Studentar som ikkje betaler semesteravgifta til SiO, avdeling UiO, får ikkje semesterkort eller studiekort frå UiO. Då får dei ikkje bruke velferdstilbodet til SiO, til dømes treningskort, studentbolig, helsetenesta eller barnehagetilbodet.

Betale til fleire studiestader

Det er mogleg å betale semesteravgift til flere studiestader. Du kan bruke velferdstilbodet til SiO dersom du òg betaler semesteravgifta til UiO. Betalingsinformasjon for semesteravgifta til UiO finn du i StudentWeb.

Publisert 18. mai. 2011 10:53 - Sist endra 23. apr. 2013 16:35