print logo

Kopiavgifta

Studentar ved UiO må kvart semester betale ei kopiavgift i tillegg til semesteravgifta.

Beløp og betaling

Kopiavgifta er for tida på:

  • Kr 100 for studentar på eit heiltidsstudium (alle definerte heiltidsstudieprogram, uavhengig av kva for fakultet eller program studiet er tilknytta),
  • Kr 50 for studentar på eit definerte deltidsstudium.

Du betaler kopiavgifta saman med semesteravgifta innan 1. september i haustsemesteret og innan 1. februar i vårsemesteret. Les om korleis du betaler.

Krav om kopiavgifta for enkeltemnestudentar i kultur-, språk og samfunnsfag blir ikkje synleg i StudentWeb før tidleg i februar om våren og tidleg i september om hausten. Då blir det sendt ut ein eigen e-post om betaling.

Kva dekkjer kopiavgifta?

Avgifta dekkjer nokre av kostnadene til opphavsrettsleg beskytta kopiar som UiO deler ut til studentane. 

Kva skjer om eg ikkje betaler?

Dersom du ikkje har betalt kopiavgifta innan 15. september om hausten og 15. februar om våren, blir utskriftskvota di sperra. Då kan du ikkje skrive ut på UiOs skrivarar. Dette skjer sjølv om du har kjøpt fleire utskrifter i StudentWeb. Har du spørsmål om betaling av kopiavgifta, kontakt utskriftskvote(at)admin.uio.no.

Publisert 3. jan. 2012 12:56 - Sist endra 15. okt. 2014 10:47