Semesteravgift ved permisjon eller deltidsstudium
Permisjon
Du skal ikkje betale semesteravgifta eller registrere deg for dei semestra du har fått innvilga permisjon frå studia ved UiO. Studentar i foreldrepermisjon kan velje å betale semesteravgifta og registrere seg.
Deltidsstudium
Semesteravgifta til Studentsamskipnaden i Oslo og Akershus er lik for heiltids- og deltidsprogram. Den er også lik sjølv om du har fått innvilga deltidsstudiar.
Kopiavgifta er på:
- Kr 100 for studentar med opptak til eit definert heiltidsprogram, også om du har fått innvilga deltidsstudiar på programmet. Dei aller fleste studieprogramma ved UiO er definerte heiltidsprogram.
- Kr 50 for studentar på definerte deltidsprogram.
Spørsmål?
Kontakt Knutepunktet.
Publisert 3. jan. 2012 10:19
- Sist endra 7. mai. 2012 17:57