Refusjon av semesteravgifta
Du kan søkje om å få semesteravgifta refundert om du har:
- betalt for mykje
- betalt semesteravgifta til ein annan samskipnad i tillegg til SiO
- betalt semesteravgifta og likevel ikkje skal studere ved UiO dette semesteret. Da må du sjølv sjå til at eventuelle eksamensmeldingar er trukke, og melde frå om at du har slutta på studieprogrammet eller ha innvilga permisjon.
Søknadsfrist
Frist for å søkje om refusjon på grunnlag av punkt 3 er 1. september for å få refundert semesteravgifta for inneverande haustsemester og 1. februar for inneverande vårsemester. Søknadar på grunnlag av punkt 1 eller 2 kan levarast når som helst.
Søknadsskjema
Ønsker du å søkje om refusjon av semesteravgifta, bruker du skjemaet nedanfor og legg ved dokumentasjon:
Skjema for søknad om refusjon av semesteravgift (pdf)
Semesteravgifta kan ikkje overførast frå eit semester til eit anna.
Om du søkjer refusjon på grunnlag av betalt semesteravgift til ein annan studentsamskipnad, eller du ikkje skal studere ved UiO dette semesteret, må du returnere semesterkortet frå UiO saman med søknaden.
Svar på søknad
Du vil ikkje få svar på søknaden dersom vi godtek han. Pengane blir då automatisk overførte til kontonummeret du oppgir på søknadsskjemaet. Det kan ta 3-4 veker.