Utdanningsplan ved UiO
Studentar på studieprogram av 60 studiepoengs omfang eller meir, skal ha ein utdanningsplan.
Utdanningsplanen er eit verktøy der du som student
- planlegg studieløpet på studieprogrammet du er teken opp til. Fulltidsstudium utgjer 30 studiepoeng pr. semester. Søkjer du plass på emna innan fristane, blir du som er programstudent prioritert i undervisningsopptaket.
- ser emna du har avlagd på studieprogrammet
- ser kva emne som vil være grunnlaget for grad og vitnemål på bachelor-, master- og profesjonsprogram.
- Du finn utdanningsplanen i Studentweb.
- Gjer deg godt kjend med studieprogrammet før du tek til å leggje emne i planen.
Sjå eit eksempel på korleis ein utdanningsplan kan sjå ut i Studentweb
Endre plan?
På studieprogram der det er mange emne å velje blant, kan du ofte ombestemme deg undervegs i studiet om kva for emne du planlegg å ta. Emna du kan slette har raudt kryss i Studentweb. Du kan endre planen fram til 1. september om hausten og 1. februar om våren. Etter dette har ikkje emna raudt kryss lenger.
Mange studieprogram har eit eller fleire obligatoriske emne. Du kan ikkje slette dei frå utdanningsplanen, og dei har aldri raudt kryss i utdanningsplanen i Studentweb. På nokre studieprogram kan du flytte emna til eit seinare semester ved å trykkje på blyanten.
Nokre gonger vil studieadministrasjonen endre utdanningsplanen din, til dømes dersom eit emne du har lagt i utdanningsplanen blir lagt ned eller endrar undervisnings- og eksamenssemester.
Forsinka?
Utdanningsplanen varer i utgangspunktet like lenge som normert tid for studieprogrammet. Etter det kan du ikkje utan vidare leggje til nye emne i utdanningsplanen, og du får ikkje stadfesta han.
Kontakt studieprogrammet dersom du er forsinka i studiet og har bruk for utvida studietid.
Oversikt over ansvar og pliktar
Utdanningsplanen er også ei oversikt over institusjonens ansvar og pliktar overfor studenten, og studentens ansvar og pliktar overfor institusjonen og medstudentar.