print logo

StudentWeb

StudentWeb er ei teneste for studentar på UiO. I StudentWeb registrerar du studiegangen din og ser kva som er registrert om deg som student.

Logg på StudentWeb

Slik logger du på

Med brukarnamn og passord

  • Alle studentar på UiO har brukarnamn og passord.
  • Les om korleis du finn brukarnamnet og set passord.
  • Nye studentar får tekstmelding med brukarnamnet før semesterstart. Nye enkeltemnestudentar i kultur-, språk og samfunnsfag får tekstmeldinga etter at dei har fått innvilga plass på undervisninga inneværande semester, har registrert seg i Studentweb. Tekstmeldinga blir for alle send til norsk mobilnummer du har registrert i søknad om opptak.

Med fødselsnummer og PIN-kode

  • Både noverande og tidlegare studentar kan logge på med fødselsnummer og PIN-kode. Det kan ta nokre dagar frå du har fått opptak til statusen din er oppdatert i datasystemet. 
  • Du kan tinge ein ny PIN-kode på innloggingssida til StudentWeb, og få han tilsendt på e-post. PIN-koden blir send til e-postadressa di ved UiO og til eventuell privat e-postadresse du har registrert. Dersom e-postadressa di ikkje er registrert ved UiO, kontakt Knutepunktet.
  • Studieinformasjonssentra til fakulteta eller Knutepunktet kan gje deg PIN-koden din dersom du viser gyldig legitimasjon.

Spørsmål?

Kvifor får eg ikkje søkt om plass på undervisninga til eit emne?
Det kan vere fleire grunnar:

Kva skal eg gjere om eg ikkje får søkt om plass på eit emne og får beskjed om at grunnen kan vere at perioden for utdanningsplanen har utgått?
Om du er forsinka i studiet, kan perioden for utdanningsplanen din vere gått ut. Du bør derfor vende deg til kontaktpunktet for studieprogrammet du går på og undersøkje om utdanningsplanen din kan bli utvida.

 

Publisert 13. mai. 2013 10:07 - Sist endra 30. sep. 2013 12:46