Korleis få vitnemål
Dersom du er programstudent, får du vanlegvis vitnemålet tilsendt automatisk når du har oppnådd ein grad. Dersom du fyller krava til ein fritt samansett bachelorgrad, må du sjølv bestille vitnemål.
Vitnemål ved fullført studieprogram
Når du nærmar deg slutten av studietida på eit studieprogram, undersøkjer fakultetet om du fyller krava til ein grad. Dersom du fyller krava til ein grad, vil du få tilsendt vitnemålet ditt automatisk. Du får meir informasjon om vitnemål frå programmet ditt.
Dersom du ønskjer å forbetre karakteren på emne som inngår i graden din, kan du reservere deg mot å få vitnemål i inntil eitt år. Du kan ikkje byte ut emne som inngår i graden etter at du har reservert deg. Du får meir informasjon om reservasjon frå programmet ditt.
Vitnemål ved fritt samansett bachelorgrad
Dersom du fyller krava til ein fritt samansett bachelorgrad, skal du sjølv bestille vitnemål. Du bestiller vitnemål frå fakultetet der du har teke den faglege fordjupinga i bachelorgraden.
Diploma Supplement
Saman med vitnemålet får du automatisk eit vitnemålstillegg på engelsk, Diploma Supplement. For tidlegare oppnådde grader kan du bestille Diploma Supplement.
Diploma Supplement skal bidra til å forklare for utanlandske utdanningsinstitusjoner og arbeidsgjevarar korleis utdanninga di er sett saman. Dokumentet inneheld også ein omtale av det norske utdanningssystemet.
Vitnemål på ditt fakultet
Sjå informasjon ved fakultetet ditt:
- Humanistisk fakultet
- Juridisk fakultet
- MN-fakultetet
- Samfunnsvitskapleg fakultet
- Teologisk fakultet
- Utdanningsvitskapleg fakultet
Kontakt fakultetets studieinformasjonssenter dersom fakultetet ditt ikkje har eigen informasjon om vitnemål.