English version of this page

Klage på formelle feil ved eksamen

Du kan klage på formelle feil ved eksamen. Dette kan vere feil til dømes med eksamensoppgåvene, eksamensavviklinga eller sensuren.

Dersom det har skjedd formelle feil ved eksamen, kan det opphavlege sensurvedtaket bli oppheva og det kan bli gjennomført ny sensur eller arrangert ny eksamen. Du kan klage på det nye resultatet i tråd med reglane om klage på karakter.

Frist

Fristen for å klage er tre veker etter at du er eller burde vere kjend med tilhøva som ligg til grunn for klagen. Dersom du først har bede om grunngjeving eller klaga på karakter, gjeld fristen frå det tidspunktet du får svar.

Behandlingstid

Klager blir vanlegvis behandla innan ein månad. Dersom det tek lenger tid, får du melding om dette. Når resultatet er klart, får du melding i brev eller e-post.

Korleis klage

Fyll ut nettskjema for å klage på formelle feil ved eksamen ved fakultetet ditt:

Kan du ikkje bruke nettskjema? Ta utskrift av skjema på bokmål / nynorsk.

Slik blir klagen behandla

Fakultetet tek imot klagen. Dersom du brukar nettskjema, får du ei kvittering på e-post.

Fakultetet vurderer klagen og gir deg eit svar. Dersom fakultetet ser at det har skjedd formelle feil ved eksamen, vil fakultetet setje i verk tiltak for å rette feilen.

Du har rett til å klage på fakultetet sine avgjerder om formelle feil ved eksamen. Klagenemnda er klageinstans i denne typen saker.

Du har rett til å trekkje klagen din inntil saken er avgjort.

Klager på formelle feil blir behandla i tråd med universitets- og høyskoleloven § 5-2.

Spørsmål?

 

Publisert 16. aug. 2016 12:07 - Sist endra 27. okt. 2017 13:48