English version of this page

Grunngjeving og klage

Du bør be om grunngjeving for eksamenskarakteren din før du bestemmer deg for å klage på karakteren. 

Kva er ei grunngjeving?

I grunngjevinga får du informasjon om dei generelle retningslinjene for sensuren og korleis sensorane har vurdert ditt eksamenssvar.

Frist for å be om grunngjeving:

  • Skriftlege eksamenar: ei veke etter at karakteren er kunngjort.
  • Munnlege og praktiske eksamenar: straks etter at du har fått vite karakteren din.

Du skal normalt få grunngjevinga innan to veker etter at du har bedt om den. Sensor avgjer om grunngjevinga blir gitt skriftleg eller munnleg.

Slik ber du om grunngjeving

Det humanistiske fakultet

For å be om grunngjeving, send ein e-post til instituttet som har ansvar for emnet ditt.

E-posten må innehalde

  • i emnefeltet [grunngjeving - emnekode]
  • i sjølve e-posten
    • kva eksamen det gjeld
    • ditt kandidatnummer
    • telefonnummer og e-postadresse du kan nåast på

Send e-posten til:

Finn ditt institutt

Er du usikker på kva institutt emnet ditt tilhøyrer, kan du sjå i høgre kolonne på emnesida.

Tast inn emnekoden din for å gå til emnesida:

 

Illustrasjon som viser hvor kontaktinfo er på emnesiden.

 

 

Det juridiske fakultet

Du tar direkte kontakt med sensor. Når sensuren er lagt ut, vil vi oppdatere oversikten over treffetider for sensorer. Her finn du telefonnummer og treffetider til sensor for emna dine.

Viss kontaktinfo til sensor ikkje står på ditt emne, ta kontakt med Studentinfosenteret på Juridisk fakultet.

Det matematisk-naturvitskaplege fakultet

For å be om grunngjeving, send ein e-post til instituttet som har ansvar for emnet ditt.

E-posten må innehalde

  • i emnefeltet [grunngjeving - emnekode]
  • i sjølve e-posten
    • kva eksamen det gjeld
    • ditt kandidatnummer
    • telefonnummer og e-postadresse du kan nåast på

Send e-posten til

Finn ditt institutt

Er du usikker på kva institutt emnet ditt tilhøyrer, kan du sjå i høgre kolonne på emnesida.

Tast inn emnekoden din for å gå til emnesida:

 

Illustrasjon som viser hvor kontaktinfo er på emnesiden.

 

 

Det medisinske fakultet

Bachelor- og masterstudentar:

Send ein e-post til til studieadministrasjonen for programmet ditt.

Profesjonsstudiet medisin og fellessemestra på klinisk ernæring:

Ved bruk av Bestått/Ikkje bestått ved skriftleg eksamen: Alle som får "Ikkje bestått" får automatisk ei skriftleg grunngjeving for karakteren.

Ved bruk av bokstavkarakterar (A-F) må alle som ynskjer det be om grunngjeving for karakteren. Ved skriftlege eksamenar, send ein e-post til studiekonsulenten på medisin eller til studiekonsulenten på klinisk ernæring.

Det odontologiske fakultet

Kontakt studiekonsulenten på programmet ditt.

Det samfunnsvitskaplege fakultet

For å be om grunngjeving må du fylle ut eit nettskjema. Nettskjemaet finn du på emnesida under "Begrunnelse og klage".

Tast inn emnekoden din for å gå til emnesida:

Det teologiske fakultet

Ta direkte kontakt med sensor eller kontakt TF-studieinfo.

Det utdanningsvitskaplege fakultet

Ved UV ber du om grunngjeving ved å sende ein e-post til instituttet som administrerer det aktuelle emnet. Er du usikker på kva institutt emnet tilhøyrer? Viss du går inn på semestersida til emnet, står namnet på instituttet under "Kontakt" øvst i høgre hjørne.

E-posten må innehalde:

  • I emne-feltet: «Grunngjeving på [emnekode]».
  • I meldings-feltet: Du må opplyse om kva eksamen/eksamensdel/studiekrav eller liknande du ber om grunngjeving på, ditt kandidatnummer og ditt fulle namn.
  • For emne med fleire eksamensdelar er det viktig at du oppgir kva eksamensdel det gjeld.

Send e-posten til:

Døme på e-post

Skjermbilde av e-post for begrunnelse på karakter

Andre einingar

Senter for tverrfaglege kjønnsstudiar:

Senter for utvikling og miljø

International Summer School

UiO Energi/ENERGI4010 - Bærekraftige energisystemer

Klage på eksamenskarakter

Du kan klage på karakteren på alle skriftlege eksamenar. Munnlege eller praktiske eksamenar kan ikkje påklagast fordi prestasjonen ikkje er dokumentert for ettertida.

Klage på formelle feil ved eksamen

Du kan klage på formelle feil ved eksamen. Dette kan vere feil til dømes med eksamensoppgåvene, eksamensavviklinga eller sensuren.

Spørsmål?

Kontakt studentinfosenteret på fakultetet ditt.

 

Publisert 8. mai 2016 12:18 - Sist endra 21. feb. 2017 13:28