print logo

ISL4100 - Islandsk 2, fordjuping i moderne islandsk språk

Fakta om emnet:
Studiepoeng:10
Vert undervist:

Annan kvar vår

Eksamen:

Annan kvar vår

Undervisningsspråk:

Skandinavisk (norsk, svensk og/eller dansk)

Undervist av:Institutt for lingvistiske og nordiske studium
Semestersider (undervisningstider, eksamensdato, pensum m.m.):

Kort om emnet

Fordjuping i islandsk grammatikk, særleg syntaks, og lesing av lettare litterære tekster, særleg noveller og dikt, med innføring i islandsk litteraturhistorie og moderne islandsk kultur knytt til tekstgjennomgåing.

Pensum: sjå emnesida for det semesteret emnet blir undervist.

Kva lærer du?

Studenten blir i stand til å omsetja og analysera kjende tekster av normal vanskegrad både morfologisk og syntaktisk og setja dei inn i ein kulturell samanheng.

Opptak

Det er ikkje mogleg å ta dette emnet som privatist. Du må ha plass på undervisninga for å ta eksamen.

Forkunnskapar

Obligatoriske forkunnskapar

Opptak til Språkprogrammet, studieretningane for nordisk, særleg norsk, språkvitskap eller norrøn filologi. Studentane må ha teke ISL1100 - Islandsk 1, innføring i moderne islandsk språk eller ha tilsvarande kunnskapar. Studentar på masterprogramet i nordisk språk eller norrøn filologi kan få dispensasjon fra kravet om ISL1100.

Tilrådde forkunnskapar

Det er ein føremon å ha teke lingvistikkvarianten av examen facultatum.

Overlapping

10 studiepoeng mot ISL2100 - Islandsk 2, fordjuping i moderne islandsk språk.

Undervisning

28 timar seminarundervisning. Emnet har intergrert vurdeingsform.

Undervisninga går over heile semesteret i samsvar med § 4.1 i forskrift om studier og eksamener ved Universitetet i Oslo .

Adgang til undervisning

Ein student som har fått gjennomført og godkjent obligatorisk undervisning har ikkje krav på ny undervisning. Ein student som har fått undervisningsrett til eit emne, men ikkje har gjennomført og/eller fått godkjent obligatorisk undervisning, har rett til ny undervisning, men fyrst når kapasitetsomsyn gjer det mogleg.

Vurdering og eksamen

Vurderingsformen på emnet er mappeevaluering. Mappa inneheld to oppgåver. Den eine, ein analyse på ca. 8000 teikn utan mellomrom ( 3-4 sider) av ei oppgjeven tekst, vert gjennomgått i undervisninga omkring midten av semesteret. Den andre, på ca. 15.000 teikn utan mellomrom (6-7 sider), er ei øving i omsetjing under rettleiing, av ei sjølvvald tekst som faglærar godkjenner.
Mappa med dei to godkjende oppgåvene skal leverast til fastsett dato i slutten av semesteret. Oppgåvene kan bearbeidast fram til innleveringsfristen. Mappa blir vurdert samla med gradert karakterskala av oppnemnd sensor.

Før du skriv oppgåver eller eksamenar, bør du lære deg reglane for rett bruk av sitat og referansar.

Sensur

Prestasjonen til studenten blir vurdert ut frå ein gradert bokstavkarakterskala frå A til F, der A er beste karakter og F er stryk. Les meir om karakterskalaen .

Emnet har ein tilsynssensor som vurderer den totale faglege kvaliteten på emnet, inkludert vurderingsordningane.

Grunngjeving og klage

Ein student kan be om grunngjeving for eksamenskarakterane, og kan også klage over karakterfastsetjinga og/eller over formelle feil ved eksamen. Les meir om grunngjeving og klage

Høve til utsett eller ny eksamen/vurdering

Du kan vanlegvis ta eksamen på nytt, men tidspunktet er avhengig av om du hadde gyldig forfall til ordinær eksamen. Les meir om å ta eksamen på nytt .

Trekk frå eksamen og talet på eksamensforsøk

Ein student kan framstille seg til eksamen i dette emnet inntil tre gonger. Studenten blir rekna som framstilt til eksamen dersom ho/han ikkje har trekt eksamensmeldinga si i StudentWeb innan ein gitt frist.

Evaluering av emnet

Tilbakemelding frå studentane våre er avgjerande for at vi skal kunne tilby best moglege emne og studieprogram. Som student ved UiO vil du difor bli beden om å delta i ulike typar evaluering av studiekvardagen din. Vi gjennomfører fortløpande evaluering av dette emnet, og med jamne mellomrom ber vi studentane delta i ei meir omfattande og detaljert evaluering, ei såkalla "periodisk evaluering" av emnet.

Kontakt oss

Institutt for lingvistiske og nordiske studium

Besøksadresse: 
Henrik Wergelands hus, 1. et.

Ekspedisjonstid: 
12:30 - 15:00

Postadresse: 
Postboks 1102 Blindern
0317 Oslo

Telefon: 22 85 62 27
Faks: 22 85 71 00
E-post: 
Web: http://www.hf.uio.no/iln/