print logo

LEKS1100 - Leksikografi 1

Fakta om emnet:
Studiepoeng:10
Vert undervist:Kvart haustsemester

Emnet blir ikkje undervist hausten 2011.

Eksamen:Kvart haustsemester
Undervisningsspråk:

Skandinavisk (norsk, svensk og/eller dansk)

Undervist av:Institutt for lingvistiske og nordiske studium
Semestersider (undervisningstider, eksamensdato, pensum m.m.):

Kort om emnet

Emnet gir ei oversikt over grunnomgrepa og sentrale problemstillingar innanfor leksikografi (ordbokskunnskap) og leksikologi (ordlære). Studentane får innføring i bruk av leksikografiske hjelpemiddel (ordbøker, søkbare korpus, leksikalske databasar).

Pensum finst på emnesida for kvart semester.

Kva lærer du?

Studentane får god innsikt i dei grunnleggjande sidene ved leksikografien og leksikologien, og øver opp evna til å finne fram i og bruke dei leksikografiske hjelpemidla, og til å instruere andre i det same. Dei får òg kompetanse i å vurdere ordbøker.

Opptak

Studentar må kvart semester søkje plass på undervisninga og melde seg til eksamen i StudentWeb.

Dersom du ikkje alt har studieplass ved UiO, kan du søkje opptak til våre studieprogram eller søkje om å bli enkeltemnestudent.

Det er ikkje mogleg å ta dette emnet som privatist. Du må ha plass på undervisninga for å ta eksamen.

Forkunnskapar

Tilrådde forkunnskapar

Evne til å lese pensumlitteratur på skandinaviske språk, engelsk, og tysk eller fransk.

Undervisning

Undervisninga blir gitt dels som førelesingar, dels som gruppeundervisning, med i alt 2 timar per veke i 15 veker, inkludert leseveker. Ei kvalifiseringsoppgåve på ca. 5.000 teikn utan mellomrom (2-3 sider) skal vere godkjent av faglærar før studenten kan gå opp til eksamen.

Godkjent obligatorisk undervisningsaktivitet/kvalifiseringsoppgåve er gyldig dei to neste semestra emnet blir gitt.

Undervisninga går over heile semesteret i samsvar med § 4.1 i forskrift om studier og eksamener ved Universitetet i Oslo .

Adgang til undervisning

Ein student som har fått gjennomført og godkjent obligatorisk undervisning har ikkje krav på ny undervisning. Ein student som har fått undervisningsrett til eit emne, men ikkje har gjennomført og/eller fått godkjent obligatorisk undervisning, har rett til ny undervisning, men fyrst når kapasitetsomsyn gjer det mogleg.

Vurdering og eksamen

Den obligatoriske kvalifiseringsoppgåva må vere godkjent av faglærar før studenten kan gå opp til eksamen. Sjå meir om dette under 'Undervisning'.

Eksamen er ei munnleg prøve i slutten av semesteret som vurderes med gradert karakterskala av oppnemnd sensor.

Alle obligatoriske innleveringsoppgåver skal leverast saman med obligatorisk erklæring som vedkjem fusk

Før du skriv oppgåver eller eksamenar, bør du lære deg reglane for rett bruk av sitat og referansar.

Sensur

Prestasjonen til studenten blir vurdert ut frå ein gradert bokstavkarakterskala frå A til F, der A er beste karakter og F er stryk. Les meir om karakterskalaen .

Emnet har ein tilsynssensor som vurderer den totale faglege kvaliteten på emnet, inkludert vurderingsordningane.

Grunngjeving og klage

Ein student kan be om grunngjeving for eksamenskarakterane, og kan også klage over karakterfastsetjinga og/eller over formelle feil ved eksamen. Les meir om grunngjeving og klage

Høve til utsett eller ny eksamen/vurdering

Du kan vanlegvis ta eksamen på nytt, men tidspunktet er avhengig av om du hadde gyldig forfall til ordinær eksamen. Les meir om å ta eksamen på nytt .

Trekk frå eksamen og talet på eksamensforsøk

Ein student kan framstille seg til eksamen i dette emnet inntil tre gonger. Studenten blir rekna som framstilt til eksamen dersom ho/han ikkje har trekt eksamensmeldinga si i StudentWeb innan ein gitt frist.

Tilrettelagd eksamen/vurdering

Ein student som har ei funksjonshemming og/eller kroniske eller akutte helseproblemer som fører til vesentlege ulemper i eksamenssituasjonen i høve til andre studentar, kan søkje om å få ein tilrettelagd eksamen. Mødrer som ammar, kan søkje om tilleggstid på eksamen.

Evaluering av emnet

Tilbakemelding frå studentane våre er avgjerande for at vi skal kunne tilby best moglege emne og studieprogram. Som student ved UiO vil du difor bli beden om å delta i ulike typar evaluering av studiekvardagen din. Vi gjennomfører fortløpande evaluering av dette emnet, og med jamne mellomrom ber vi studentane delta i ei meir omfattande og detaljert evaluering, ei såkalla "periodisk evaluering" av emnet.

Periodisk emnerapport våren 2008

Kontakt oss

Institutt for lingvistiske og nordiske studium

Besøksadresse: 
Henrik Wergelands hus, 1. et.

Ekspedisjonstid: 
12:30 - 15:00

Postadresse: 
Postboks 1102 Blindern
0317 Oslo

Telefon: 22 85 62 27
Faks: 22 85 71 00
E-post: 
Web: http://www.hf.uio.no/iln/