Timeplan, pensum og eksamensdato

Velg semester

Kort om emnet

I dette emnet ser vi på fleirspråklegheit både hos det enkelte individet, og i ulike variantar av  fleirspråklege samfunn. Vi ser på ulike typer fleirspråkleg tileigning og  kognitive verknader av fleirspråklighet. Vi tek óg opp fenomen som oppstår eller er resultat av møte mellom menneske med ulike språk, slik som språkval og kodeveksling, og vi diskuterer kvardagen til individ i land med ulik språkhistorie og språkpolitikk, spesielt resultatet av språkpolitikken landa fører overfor minoritetsgrupper. Forholda i Norden blir framheva.

Kva lærer du?

Studentane får kunnskap om ulike fleirspråklege samfunn og korleis forholdet mellom individ og samfunn påverkar den enkelte. Dei skal få øving i argumentasjonsmåtar knytte til emna og i presentasjon av nokre emne skriftleg og munnleg.

Opptak og tilgangsavgrensing

Studentar må kvart semester søkje og få plass på undervisninga og melde seg til eksamen i Studentweb.

Dersom du ikkje alt har studieplass ved UiO, kan du søkje opptak til våre studieprogram eller søkje om å bli enkeltemnestudent.

Minimum 5 studenter. Studenter som er tatt opp til et studieprogram der emnet inngår, blir prioriterte.

Forkunnskapar

Anbefalte forkunnskapar

Det ein fordel om studentane er kjende med pensum i EXFAC03-SPR - Examen facultatum, språkvitenskap

Undervisning

Undervisninga går over heile semesteret med minst 28 undervisningstimar. Det er lagt inn nokre veker til sjølvstudium og oppgåveskriving. Studentane jobbar sjølvstendig med ei obligatorisk oppgåve som skal leverast inn eller presenterast munnleg. Den obligatoriske oppgåva må vere godkjend før studentane kan ta eksamen.

Godkjende obligatorisk aktivitetar er gyldige dei to neste gongene emnet vert tilbydd.

Adgang til undervisning

Dersom du har gjennomført og fått godkjent obligatorisk undervisning, har du ikkje krav på ny undervisning. Dersom du har fått undervisningsopptak til emnet, men ikkje har gjennomført eller fått godkjent obligatorisk undervisning, har du rett til ny undervisning når det er ledig kapasitet.

Eksamen

Skriftleg skuleeksamen på 4 timar.

Eksamen på dette emnet er digital og vil foregå i eksamenssystemet Inspera. Følg med på semestersiden (Timeplan, pensum og eksamensdato) for mer informasjon.

Digital skuleeksamen

Skuleeksamen gjerast i det digitale eksamenssystemet Inspera. Les meir om digital skuleeksamen.

Du må gjere deg kjend med gjennomføringa av digital eksamen i Inspera. Les meir om opplæring i Inspera.

Kjeldebruk og referansar

Ved oppgåveskriving pliktar du å gjere deg kjend med reglane for kjeldebruk og referansar. Ved brot på reglane kan du bli mistenkt for fusk/forsøk på fusk. Sjå eksempel på korleis du refererer riktig.

Hjelpemiddel

Norsk - Engelsk, Engelsk - Norsk ordbok er tillatt.

Eksamensspråk

Du kan svare på eksamen på norsk, svensk, dansk eller engelsk. Søknad om engelsk oppgåvetekst sender du til kontaktpunktet for emnet.

Karakterskala

Emnet nyttar karakterskala frå A til F, der A er beste karakter og F er stryk. Les meir om karakterskalaen.

Grunngjeving og klage

Tilgang til ny eller utsett eksamen

Trekk frå eksamen

Det er mogleg å ta eksamen i emnet inntil tre gonger. Dersom du trekkjer deg frå eksamen etter fristen eller under eksamen, brukar du eit eksamensforsøk.

Tilrettelagt eksamen

Søknadsskjema, krav og frist for tilrettelagd eksamen.

Evaluering av emnet

Vi gjennomfører fortløpande evaluering av emnet, og med jamne mellomrom ber vi studentane delta i ei meir omfattande evaluering.

Periodisk evaluering av emner ved ILN

Periodisk emnerapport høst 2013
Periodisk emnerapport høst 2011
Periodisk emnerapport høst 2006

Fakta om emnet

Studiepoeng

10

Nivå

Bachelor

Undervisning

Kvar haust

Eksamen

Samme semester som undervisningen gis.

Undervisningsspråk

Norsk