print logo

LING1111 - Fonetikk og fonologi 1

Kort om emnet

Elementær innføring i det vitskaplege studiet av språklydar frå ein allmennspråkleg og einskildspråkleg synsstad.

Dette grunnemnet er eit kunnskaps- og dugleiksemne med sluttvurdering.

Kva lærer du?

Studentane skal tileigne seg grunnleggjande kunnskap om fonetisk analyse av språklydar, med hovudvekt på artikulatorisk og akustisk analyse. Dei skal lære å bruke transkripsjonssystemet til The International Phonetic Association (IPA) og det akustiske analyseprogrammet PRAAT. Dei skal tileigne seg grunnleggjande kunnskap om fonologisk teori, og lære å bruke denne kunnskapen i fonologisk analyse. Det blir lagt vekt på praktisk dugleik i både fonetikk og fonologi.

Opptak og adgangsregulering

Studentar må kvart semester søkje plass på undervisninga og melde seg til eksamen i StudentWeb.

Dersom du ikkje alt har studieplass ved UiO, kan du søkje opptak til våre studieprogram eller søkje om å bli enkeltemnestudent.

Maksimum 35 studenter. Minimum 5 studenter. Studenter som er tatt opp til et studieprogram der emnet inngår, blir prioriterte.

Det er ikkje mogleg å ta dette emnet som privatist. Du må ha plass på undervisninga for å ta eksamen.

Forkunnskap

Obligatoriske forkunnskap

Id eksisterer ikkje i fellesteksten

Anbefalte forkunnskap

EXFAC03-SPR

Overlappande emne

5 studiepoeng overlapp mot LING1101 - Fonetikk, fonologi og morfologi 1 (nedlagt).

Undervisning

Undervisninga går over heile semesteret med totalt 36 undervisningstimer. Det er éi obligatorisk kvalifiseringsoppgåve, som kan handle om fonetikk og/eller fonologi.

Adgang til undervisning

Dersom du har gjennomført og fått godkjent obligatorisk undervisning, har du ikkje krav på ny undervisning. Dersom du har fått undervisningsopptak til emnet, men ikkje har gjennomført eller fått godkjent obligatorisk undervisning, har du rett til ny undervisning når det er ledig kapasitet.

Eksamen

Ei obligatorisk munnleg oppgåve må vere godkjend før studentane får gå opp til eksamen som er ein 4-timers skriftleg skuleeksamen.
Alle innleveringsoppgåver (inkl. obligatoriske kvalifiseringsoppgåver) skal leverast med fuskeerklæringsskjema, som finnes på denne sida:
http://www.hf.uio.no/studier/admin/eksamen/fusk/

Hjelpemiddel

Ingen hjelpemiddel er tillatne.

Eksamensspråk

Du kan svare på eksamen på norsk, svensk, dansk eller engelsk. Søknad om engelsk oppgåvetekst sender du til kontaktpunktet for emnet.

Karakterskala

Emnet nyttar karakterskala frå A til F, der A er beste karakter og F er stryk. Les meir om karakterskalaen.

Grunngjeving og klage

Du kan be om grunngjeving for eksamenskarakterane, og du kan klage over karakterfastsetjinga eller over formelle feil ved eksamen. Les meir om grunngjeving og klage.

Adgang til ny eller utsett eksamen

Du kan vanlegvis ta eksamen på nytt, men tidspunktet er avhengig av om du hadde gyldig forfall til ordinær eksamen. Les meir om å ta eksamen på nytt.

Trekk frå eksamen

Det er mogleg å ta eksamen i emnet inntil tre gonger. Dersom du trekkjer deg frå eksamen etter fristen eller under eksamen, brukar du eit eksamensforsøk.

Tilrettelagt eksamen

Ein student som har ei funksjonshemming og/eller kroniske eller akutte helseproblem som fører til vesentlege ulemper i eksamenssituasjonen i høve til andre studentar, kan søkje om å få ein tilrettelagd eksamen. Mødrer som ammar, kan søkje om tilleggstid på eksamen.

Evaluering av emnet

Tilbakemelding frå studentane våre er avgjerande for at vi skal kunne tilby best moglege emne og studieprogram. Vi gjennomfører fortløpande evaluering av dette emnet, og med jamne mellomrom ber vi studentane delta i ei meir omfattande, periodisk evaluering av emnet.

Periodisk emnerapport høst 2012

Anna

Obligatorisk erklæring vedrørende fusk skal leveres med alle obligatoriske kvalifiseringsoppgaver og eksamensbesvarelser:

Obligatorisk erklæring Bokmål
Obligatorisk erklæring nynorsk

Fakta om emnet

Studiepoeng

10

Nivå

Bachelor

Undervisning

Kvar haust

Eksamen

Samme semester som undervisningen gis.

Undervisningsspråk

Norsk

Semestersider

Timeplan, pensum, eksamensdato