print logo

LING2101 - Særspråk

Fakta om emnet:
Studiepoeng:10
Type:Vidaregåande emne på bachelornivå
Vert undervist:Vår 2010, Vår 2011 og Vår 2013
Eksamen:

Samme semesteret som det gis undervisning.

Undervisningsspråk:Norsk
Undervist av:Institutt for lingvistiske og nordiske studium
Semestersider (undervisningstider, eksamensdato, pensum m.m.):

Kort om emnet

Eit lingvistisk studium av strukturen i eit språk som typologisk skil seg sterkt frå kjende vesteuropeiske språk.

Dette emnet er eit kunnskaps- og ferdigheitsemne med integrert vurdering.

Kva lærer du?

Studentane skal få grunnleggjande innsikt i fonologien og grammatikken (morfologien og syntaksen) til språket og lære å anvende den lingvistiske kunnskapen frå grunnkursa i analyse av dette språket..
Læringsmål:
Etter fullført emne kan studentane gjere greie for særspråket sitt foneminventar, allofoni og fonologiske prosessar, og korleis språket handsamar grammatiske fenomen tilsvarande bøying, avleiing og setningsstruktur. Dei kan gjere greie for semantiske særtrekk som funksjonsendring ved grammatikalisering, og plassere språket i ei typologisk råme. Dei kan også lese enkle tekstar ved hjelp av ordbok.
Endeleg karakter viser i kva grad studenten har oppnådd dette læringsutbyttet.

Opptak

Maksimum 25 studenter.

Studentar må kvart semester søkje plass på undervisninga og melde seg til eksamen i StudentWeb.

Dersom du ikkje alt har studieplass ved UiO, kan du søkje opptak til våre studieprogram eller søkje om å bli enkeltemnestudent.

Det er ikkje mogleg å ta dette emnet som privatist. Du må ha plass på undervisninga for å ta eksamen.

Forkunnskapar

Tilrådde forkunnskapar

Emnet bygger på kunnskapar tilsvarende LING1111 - Fonetikk og fonologi 1 og LING1112 - Morfologi og syntaks 1, som kan tas samtidig med LING2101.

Undervisning

28 timar undervisning: Det blir undervist 14 dobbeltimar på dette kunnskaps- og ferdigheitsemnet i semesteret, med enkelte avbrot undervegs.

Undervisninga går over heile semesteret i samsvar med § 4.1 i forskrift om studier og eksamener ved Universitetet i Oslo .

Adgang til undervisning

Ein student som har fått gjennomført og godkjent obligatorisk undervisning har ikkje krav på ny undervisning. Ein student som har fått undervisningsrett til eit emne, men ikkje har gjennomført og/eller fått godkjent obligatorisk undervisning, har rett til ny undervisning, men fyrst når kapasitetsomsyn gjer det mogleg.

Vurdering og eksamen

Vurderingsordninga er ei mappe som inneheld to oppgåveinnleveringar og ein totimars klasseromseksamen ingen hjelpemiddel tillatne). Mappa blir vurdert under eitt. Det gis karakterar A-F.

Før du skriv oppgåver eller eksamenar, bør du lære deg reglane for rett bruk av sitat og referansar.

Eksamensspråk

Det er mogleg å svare på eksamen på norsk, svensk, dansk eller engelsk. Søknad om engelsk oppgåvetekst retter du til kontaktpunkt for emnet. Om bruk av målform i eksamensoppgåver, sjå § 5.4 i Forskrift om studium og eksamenar ved Universitetet i Oslo.

Sensur

Prestasjonen til studenten blir vurdert ut frå ein gradert bokstavkarakterskala frå A til F, der A er beste karakter og F er stryk. Les meir om karakterskalaen .

Grunngjeving og klage

Ein student kan be om grunngjeving for eksamenskarakterane, og kan også klage over karakterfastsetjinga og/eller over formelle feil ved eksamen. Les meir om grunngjeving og klage

Høve til utsett eller ny eksamen/vurdering

Du kan vanlegvis ta eksamen på nytt, men tidspunktet er avhengig av om du hadde gyldig forfall til ordinær eksamen. Les meir om å ta eksamen på nytt .

Trekk frå eksamen og talet på eksamensforsøk

Ein student kan framstille seg til eksamen i dette emnet inntil tre gonger. Studenten blir rekna som framstilt til eksamen dersom ho/han ikkje har trekt eksamensmeldinga si i StudentWeb innan ein gitt frist.

Tilrettelagd eksamen/vurdering

Ein student som har ei funksjonshemming og/eller kroniske eller akutte helseproblemer som fører til vesentlege ulemper i eksamenssituasjonen i høve til andre studentar, kan søkje om å få ein tilrettelagd eksamen. Mødrer som ammar, kan søkje om tilleggstid på eksamen.

Evaluering av emnet

Tilbakemelding frå studentane våre er avgjerande for at vi skal kunne tilby best moglege emne og studieprogram. Som student ved UiO vil du difor bli beden om å delta i ulike typar evaluering av studiekvardagen din. Vi gjennomfører fortløpande evaluering av dette emnet, og med jamne mellomrom ber vi studentane delta i ei meir omfattande og detaljert evaluering, ei såkalla "periodisk evaluering" av emnet.

Periodisk emnerapport vår 2011
Periodisk emnerapport høst 2007

Anna

Obligatorisk erklæring vedrørende fusk skal leveres med alle obligatoriske kvalifiseringsoppgaver og eksamensbesvarelser:

Obligatorisk erklæring bokmål
Obligatorisk erklæring nynorsk

Kontakt oss

Institutt for lingvistiske og nordiske studium

Besøksadresse: 
Henrik Wergelands hus, 1. et.

Ekspedisjonstid: 
12:30 - 15:00

Postadresse: 
Postboks 1102 Blindern
0317 Oslo

Telefon: 22 85 62 27
Faks: 22 85 71 00
E-post: 
Web: http://www.hf.uio.no/iln/