NAVN1100 – Innføring i namnegransking

Timeplan, pensum og eksamensdato

Kort om emnet

Emnet gir eit oversyn over sentrale sider i faget, som faghistorie, terminologi og namnevitskapleg metode. Vidare gir det ei innføring i hovudkategoriane stadnamn og personnamn, med særleg vekt på dei store gardsnamnklassane og endringar i personnamngjevinga.

Pensum finst på emnesida for kvart semester.

Kva lærer du?

Studentane får kjennskap til korleis namn blir laga og fungerer i språket, kva som skil dei frå andre språklege storleikar, korleis dei kan klassifiserast, og korleis namn kan nyttast som språkleg, språksosiologisk og historisk kjeldemateriale.

Opptak og tilgangsavgrensing

Studentar må kvart semester søkje og få plass på undervisninga og melde seg til eksamen i Studentweb.

Dersom du ikkje alt har studieplass ved UiO, kan du søkje opptak til våre studieprogram eller søkje om å bli enkeltemnestudent.

Undervisning

Det blir gitt 28 timar seminarundervisning fordelt på 2 timar i veka i 15 veker, inkludert leseveker. Ei kvalifiseringsoppgåve på ca.12.000 – 15.000 teikn utan mellomrom (6-8 sider) skal vere godkjent av faglærar før studenten kan gå opp til eksamen.

Godkjende obligatorisk aktivitetar er gyldige dei to neste gongene emnet vert tilbydd.

Adgang til undervisning

Dersom du har gjennomført og fått godkjent obligatorisk undervisning, har du ikkje krav på ny undervisning. Dersom du har fått undervisningsopptak til emnet, men ikkje har gjennomført eller fått godkjent obligatorisk undervisning, har du rett til ny undervisning når det er ledig kapasitet.

Eksamen

Eksamen er ei semesteroppgåve på ca. 23 000 teikn utan mellomrom (10 sider) som skal leverast til fastsett frist i slutten av semesteret

Kjeldebruk og referansar

Ved oppgåveskriving pliktar du å gjere deg kjend med reglane for kjeldebruk og referansar. Ved brot på reglane kan du bli mistenkt for fusk/forsøk på fusk. Sjå eksempel på korleis du refererer riktig.

Hjelpemiddel

Ingen hjelpemiddel er tillatne.

Karakterskala

Emnet nyttar karakterskala frå A til F, der A er beste karakter og F er stryk. Les meir om karakterskalaen.

Grunngjeving og klage

Tilgang til ny eller utsett eksamen

Trekk frå eksamen

Det er mogleg å ta eksamen i emnet inntil tre gonger. Dersom du trekkjer deg frå eksamen etter fristen eller under eksamen, brukar du eit eksamensforsøk.

Tilrettelagt eksamen

Søknadsskjema, krav og frist for tilrettelagd eksamen.

Evaluering av emnet

Vi gjennomfører fortløpande evaluering av emnet, og med jamne mellomrom ber vi studentane delta i ei meir omfattande evaluering.

Periodisk evaluering av emner ved ILN

Periodisk emnerapport høsten 2010

Fakta om emnet

Studiepoeng
10
Nivå
Bachelor
Undervisning

Skal legges ned

Undervisningsspråk
Norsk

Undervisning på andre skandinaviske språk kan forekomme