NAVN4162 - Personnamn
|
||||||||||||||||
|
||||||||||||||||
Kort om emnet
Emnet gir ei grundig innføring i etymologiske, filologiske, og kulturhistoriske sider ved personnamn, særskilt fornamn. Hovudvekta ligg på norsk namnebruk, men også Norden og Europa tilbake til antikken blir dregne inn. Innanfor emnet skal kvar student velje eit spesialområde til fordjuping.
Kva lærer du?
Etter fullført emne skal studentane kunne
- kjenne til og nytte kjeldene til norske personnamn frå norrøn tid til i dag
- gjere greie for korleis personnamn er bygde opp, og kva som skil dei frå andre ord
- gjere greie for hovuddraga i norsk personnamnutvikling frå norrøn tid til i dag
- plassere norsk namneskikk inn i ein nordisk og europeisk samanheng
- gjere greie for faghistoria og for teori og metodar i personnamnforskinga
Innanfor det valde spesialområdet skal studentane ha god oversikt over faglitteraturen og kunne analysere eit tematisk, geografisk eller historisk avgrensa materiale i høve til dei sentrale metodane i faget.
Endeleg karakter viser i kva grad studenten har oppnådd læringsutbyttet for emnet.
Opptak
Studentar må kvart semester søkje plass på undervisninga og melde seg til eksamen i StudentWeb.
Dersom du ikkje alt har studieplass ved UiO, kan du søkje opptak til våre studieprogram eller søkje om å bli enkeltemnestudent.
Det er ikkje mogleg å ta dette emnet som privatist. Du må ha plass på undervisninga for å ta eksamen.
Forkunnskapar
Obligatoriske forkunnskapar
NAVN1100 - Innføring i namnegransking
Overlapping
10 studiepoeng mot NAVN2162 - Personnamn.
Undervisning
28 timar seminarundervisning. Undervisninga er felles med NAVN2162. Ei skriftleg kvalifiseringsoppgåve på 10-11 000 teikn utan mellomrom (ca. 5 sider) skal vera godkjend av faglærar før eksamen.
Undervisninga går over heile semesteret i samsvar med § 4.1 i forskrift om studier og eksamener ved Universitetet i Oslo .
Adgang til undervisning
Ein student som har fått gjennomført og godkjent obligatorisk undervisning har ikkje krav på ny undervisning. Ein student som har fått undervisningsrett til eit emne, men ikkje har gjennomført og/eller fått godkjent obligatorisk undervisning, har rett til ny undervisning, men fyrst når kapasitetsomsyn gjer det mogleg.
Vurdering og eksamen
Eksamen er ei semesteroppgåve på ca. 23 000 teikn utan mellomrom (10 sider) som skal leverast til fastsett frist i slutten av semesteret.
Før du skriv oppgåver eller eksamenar, bør du lære deg reglane for rett bruk av sitat og referansar.
Hjelpemiddel
Ingen hjelpemiddel er tillatne.
Eksamensspråk
Det er mogleg å svare på eksamen på norsk, svensk, dansk eller engelsk. Søknad om engelsk oppgåvetekst retter du til kontaktpunkt for emnet. Om bruk av målform i eksamensoppgåver, sjå § 5.4 i Forskrift om studium og eksamenar ved Universitetet i Oslo.
Sensur
Prestasjonen til studenten blir vurdert ut frå ein gradert bokstavkarakterskala frå A til F, der A er beste karakter og F er stryk. Les meir om karakterskalaen .
Emnet har ein tilsynssensor som vurderer den totale faglege kvaliteten på emnet, inkludert vurderingsordningane.
Grunngjeving og klage
Ein student kan be om grunngjeving for eksamenskarakterane, og kan også klage over karakterfastsetjinga og/eller over formelle feil ved eksamen. Les meir om grunngjeving og klage
Høve til utsett eller ny eksamen/vurdering
Du kan vanlegvis ta eksamen på nytt, men tidspunktet er avhengig av om du hadde gyldig forfall til ordinær eksamen. Les meir om å ta eksamen på nytt .
Tilrettelagd eksamen/vurdering
Ein student som har ei funksjonshemming og/eller kroniske eller akutte helseproblemer som fører til vesentlege ulemper i eksamenssituasjonen i høve til andre studentar, kan søkje om å få ein tilrettelagd eksamen. Mødrer som ammar, kan søkje om tilleggstid på eksamen.
Kontakt oss
Institutt for lingvistiske og nordiske studium
Besøksadresse:
Henrik Wergelands hus, 1. et.
Ekspedisjonstid:
12:30 - 15:00
Postadresse:
Postboks 1102 Blindern
0317 Oslo
Faks: 22 85 71 00
E-post: henvendelser@iln.uio.no
Web: http://www.hf.uio.no/iln/