NOR1107 - Dialektologi og sosiolingvistikk i Norden 1

Timeplan, pensum og eksamensdato

Velg semester

Kort om emnet

Emnet er ei elementær innføring i den lokale og sosiale variasjonen i norsk, svensk og dansk talemål, med ein presentasjon av grunnleggjande fonologiske/grammatiske og sosiolingvistiske omgrep og dei viktigaste dialektskiljemerka.

Det omfattar også eit oversyn over dei store dialektgruppene, illustrert med dialektprøver, og tar opp fleirspråklegheit og utvikling og bruk av nye språkvarietetar som følgje av språk- og dialektkontakt i Noreg, Sverige og Danmark.

Variasjon i og utvikling av dei norske skriftspråka vert òg tatt opp. Pensum er å finne på emnesida for kvart semester.

Kva lærer du?

Etter fullført emne skal studentane kunne:

  • gjere greie for grunnleggjande dialektologiske og sosiolingvistiske omgrep
  • gjere greie for likskapar og skilnader mellom austnorske, trønderske, vestnorske og nordnorske dialektar, og analysere dialektprøver
  • seie noko om talemålsvarietetar i Sverige og Danmark
  • seie noko om dei viktigaste utviklingstendensane i norsk talemål i dag, inkludert framveksten av nye talemålsvarietetar
  • gjere greie for utviklinga av bokmål og nynorsk
  • gjere greie for korleis ein kan utføre ei sosiolingvistisk undersøking

Opptak og tilgangsavgrensing

Studentar må kvart semester søkje og få plass på undervisninga og melde seg til eksamen i Studentweb.

Dersom du ikkje alt har studieplass ved UiO, kan du søkje opptak til våre studieprogram eller søkje om å bli enkeltemnestudent.

Undervisning

2 timers forelesing og 2 gruppetimer i veka i 14 veker.

Ei skriftleg kvalifiseringsoppgåve skal vere godkjend av faglærar før studenten kan gå opp til eksamen

Godkjende obligatorisk aktivitetar er gyldige dei to neste gongene emnet vert tilbydd.

Adgang til undervisning

Dersom du har gjennomført og fått godkjent obligatorisk undervisning, har du ikkje krav på ny undervisning. Dersom du har fått undervisningsopptak til emnet, men ikkje har gjennomført eller fått godkjent obligatorisk undervisning, har du rett til ny undervisning når det er ledig kapasitet.

Eksamen

Eksamen er ein 4 timers skuleeksamen i slutten av semesteret som blir vurdert med gradert karakterskala av oppnemnt sensor.

Kjeldebruk og referansar

Ved oppgåveskriving pliktar du å gjere deg kjend med reglane for kjeldebruk og referansar. Ved brot på reglane kan du bli mistenkt for fusk/forsøk på fusk. Sjå eksempel på korleis du refererer riktig.

Hjelpemiddel

Ingen hjelpemiddel er tillatne.

Eksamensspråk

Du kan svare på eksamen på norsk, svensk, dansk eller engelsk. Søknad om engelsk oppgåvetekst sender du til kontaktpunktet for emnet.

Karakterskala

Emnet nyttar karakterskala frå A til F, der A er beste karakter og F er stryk. Les meir om karakterskalaen.

Grunngjeving og klage

Tilgang til ny eller utsett eksamen

Trekk frå eksamen

Det er mogleg å ta eksamen i emnet inntil tre gonger. Dersom du trekkjer deg frå eksamen etter fristen eller under eksamen, brukar du eit eksamensforsøk.

Tilrettelagt eksamen

Søknadsskjema, krav og frist for tilrettelagd eksamen.

Evaluering av emnet

Vi gjennomfører fortløpande evaluering av emnet, og med jamne mellomrom ber vi studentane delta i ei meir omfattande evaluering.

Periodisk evaluering av emner ved ILN

Periodisk emnerapport vår 2012

 

Fakta om emnet

Studiepoeng

10

Nivå

Bachelor

Undervisning

Kvar haust

Eksamen

Kvar haust

Undervisningsspråk

Norsk