FRA1501 - Fransk kulturkunnskap 1
Kort om emnet
Emnet skal gi grunnleggjande kunnskapar om fransk historie frå la Belle Époque (midten av 1890-talet) og fram til i dag. Dessutan skal det gi ei kort innføring i fransk natur- og samfunnsgeografi og i det administrative systemet og dei viktigaste politiske institusjonane.
Kva lærer du?
Du skal kunne tileigne deg kunnskapar for å få ei heilskapleg forståing av det franske samfunnet, slik det har utvikla seg og blitt det siste hundreåret.
Opptak og adgangsregulering
Studentar må kvart semester søkje plass på undervisninga og melde seg til eksamen i StudentWeb.
Dersom du ikkje alt har studieplass ved UiO, kan du søkje opptak til våre studieprogram eller søkje om å bli enkeltemnestudent.
Førelesingar er opne for alle. Skal du fylgje seminar- og gruppeundervisning, må du ha undervisningsopptak i emnet.
Det er ikkje mogleg å ta dette emnet som privatist. Du må ha plass på undervisninga for å ta eksamen.
Forkunnskap
Obligatoriske forkunnskap
Generell studiekompetanse.
Anbefalte forkunnskap
Nivå II eller III frå vidaregåande skole eller tilsvarande kunnskapar. Det er lagt ut ein diagnostisk test på internett slik at du sjølv kan teste om du har gode nok forkunnskapar for å følgje undervisninga i dette emnet. Du bør oppnå minst 50 % rette svar for å følgje undervisninga. Studentar med dårlegare franskkunnskapar vil kunne nå dette nivået ved å ta FRA0100 - Fransk språkbruk 1 (nedlagt).
Undervisning
Undervisninga blir gitt som to timar førelesing/seminar i 14 veker.
Det er lagt opp til at du skriv tre oppgåver i løpet av semesteret. To av desse skal du så levere i den endelege eksamensmappa etter tilbakemelding frå faglæraren.
Eksamen
Eksamensinnlevering går føre seg i Fronter. Les her: http://www.uio.no/studier/emner/hf/ilos/eksamensinstruks.html
Den einskilde studenten har eige ansvar for å vere i stand til å levere i Fronter.
Eksamen i emnet er ei mappe som omfattar to oppgåver og ei munnleg prøve. Oppgåvene skal vera på 2-3 sider à 2300 teikn utan mellomrom, og skal godkjennast av faglæraren. Studentar som får godkjent meir enn to oppgåver, avgjer sjølve kva for to oppgåver som skal gå inn i mappa. Det blir halde ein avsluttande munnleg eksamen på 25-30 minutt med to sensorar (eksaminasjon i heile pensum). Det blir sett ein samla karakter på grunnlag av mappa og den munnlege prøva.
Det er eit krav at du leverer begge oppgåvene for å kunne gå opp til munnleg eksamen.
Karakter blir fastsett på grunnlag av både innhald og språkføring.
Karakterskala
Emnet nyttar karakterskala frå A til F, der A er beste karakter og F er stryk. Les meir om karakterskalaen.
Grunngjeving og klage
Du kan be om grunngjeving for eksamenskarakterane, og du kan klage over karakterfastsetjinga eller over formelle feil ved eksamen. Les meir om grunngjeving og klage.
Adgang til ny eller utsett eksamen
Ved mappevurdering er det ikkje mogleg berre å eksamensmelde seg i emnet. Dersom du vil ta eksamen på nytt, må du undervisningsmelde deg og levere ny mappe.
Dersom du skulle vere sjuk til munnleg eksamen, kan du søkje om utsett eksamen i same semester. Ta da kontakt med eksamenskonsulenten.
Trekk frå eksamen
Det er mogleg å ta eksamen i emnet inntil tre gonger. Dersom du trekkjer deg frå eksamen etter fristen eller under eksamen, brukar du eit eksamensforsøk.
Tilrettelagt eksamen
Ein student som har ei funksjonshemming og/eller kroniske eller akutte helseproblem som fører til vesentlege ulemper i eksamenssituasjonen i høve til andre studentar, kan søkje om å få ein tilrettelagd eksamen. Mødrer som ammar, kan søkje om tilleggstid på eksamen.
Evaluering av emnet
Tilbakemelding fra studentene våre er avgjørende for at vi skal kunne tilby best mulig undervisning. Som student ved UiO blir du bedt om å delta i ulike typer evaluering av studiehverdagen din. Hver gang et emne gis ber vi studentene delta i underveisevaluering, og med jevne mellomrom ber vi dem delta i en såkalt "periodisk evaluering" av emnet.