print logo

ITA1100 - Praktisk italiensk

Kort om emnet

Emnet omfatter oppøving i lytteforståing av audio- og videoregistrerte tekstar, diskusjonar av utdrag frå samtidige tekstar (litterære og frå aviser, o.l.), konversasjon, skildringar av situasjonar, miljø og personar og munnlege presentasjonar av ymse slag.

Studenten skal få opplæring i å skrive enkle tekstar av ulike slag, i å skildre menneske og ting, fortelje om hendingar, skrive samandrag av tekstar, dramatisere situasjonar, osb.

Emnet kan vere eit godt utgangspunkt for studentar som vil styrkje dei grunnleggjande italienskkunnskapane sine både munnleg og skriftleg. Emnet er ikkje eit begynneremne i italiensk og skal helst takast parallelt med ITA1101 - Italiensk språk .

Kva lærer du?

Studenten skal forbetre dugleiken i dei fire språklege aktivitetane med vekt på forståing og produksjon av tale og på skrifteleg produksjon. Ved å jobbe med autentiske tekster og lydopptak på italiensk, skal studenten reflektere over språket og utvide den språklige kompetansen i italiensk. I tillegg skal studenten betre evna til å forstå og uttrykkje seg på italiensk både skriftleg og munnleg.

Opptak og adgangsregulering

Studentar må kvart semester søkje plass på undervisninga og melde seg til eksamen i StudentWeb.

Dersom du ikkje alt har studieplass ved UiO, kan du søkje opptak til våre studieprogram eller søkje om å bli enkeltemnestudent.

For å fylgje seminarundervisning, må du ha undervisningsopptak til emnet.

Det er ikkje mogleg å ta dette emnet som privatist. Du må ha plass på undervisninga for å ta eksamen.

Forkunnskap

Obligatoriske forkunnskap

Generell studiekompetanse

Anbefalte forkunnskap

Undervisninga forutset at du har minst nivå II (eller tilsvarande) fra videregående skule, eller ITA0100 - Innføring i italiensk (eventuelt ITA0101 - Innføringskurs i italiensk 1 og ITA0102 - Innføringskurs i italiensk 2 ), eller tilsvarande forkunnskapar.

Overlappande emne

5 studiepoeng overlapp mot ITA2106 - Skriveferdigheter i italiensk (nedlagt) og 5 studiepoeng overlapp mot ITA1103 - Munnleg italiensk 1 (nedlagt).

Undervisning

Undervisninga vert gitt som seminar med 4 timar i 14 veker.

Emnet har krav om obligatorisk aktivitet: Studenten må møte til undervisninga minst 20 av 28 gongar og halde eit munnleg innlegg på 10 minutt. Aktivitetane må vere godkjent av faglæraren før studenten kan framstille seg til eksamen.

Retningslinjer for obligatoriske aktivitetar.

Godkjend undervisningsaktivitet er gyldig i inneverande og dei to neste semestera emnet vert gitt.

Eksamen

Du må ha gjennomført obligatorisk undervisningsaktivitet (sjå over) før du kan gå opp til eksamen.

Eksamensforma i emnet er ein skuleeksamen på 4 timar.

Tidlegare eksamensoppgåver finn du her

Hjelpemiddel

Kandidatane har høve til å bruke eittspråkleg italiensk ordbok under eksamen: Nuovo dizionario italiano Garzanti (liten eller stor utgåve), men grammatikkdelen vert då skjult under ein konvolutt, eller Lo Zingarelli minore (liten eller stor utgåve). Studentane har sjølv ansvar for å ta ordboka med til eksamen.

Eksamensspråk

Du skal svare på eksamen på italiensk.

Karakterskala

Emnet nyttar karakterskala frå A til F, der A er beste karakter og F er stryk. Les meir om karakterskalaen.

Karakteren vert kunngjort på Studentweb seinast tre veker etter eksamens-/innleveringsdato.

Grunngjeving og klage

Du kan be om grunngjeving for eksamenskarakterane, og du kan klage over karakterfastsetjinga eller over formelle feil ved eksamen. Les meir om grunngjeving og klage.

Adgang til ny eller utsett eksamen

Du kan vanlegvis ta eksamen på nytt, men tidspunktet er avhengig av om du hadde gyldig forfall til ordinær eksamen. Les meir om å ta eksamen på nytt.

Trekk frå eksamen

Det er mogleg å ta eksamen i emnet inntil tre gonger. Dersom du trekkjer deg frå eksamen etter fristen eller under eksamen, brukar du eit eksamensforsøk.

Tilrettelagt eksamen

Ein student som har ei funksjonshemming og/eller kroniske eller akutte helseproblem som fører til vesentlege ulemper i eksamenssituasjonen i høve til andre studentar, kan søkje om å få ein tilrettelagd eksamen. Mødrer som ammar, kan søkje om tilleggstid på eksamen.

Evaluering av emnet

Tilbakemelding fra studentene våre er avgjørende for at vi skal kunne tilby best mulig undervisning. Som student ved UiO blir du bedt om å delta i ulike typer evaluering av studiehverdagen din. Hver gang et emne gis ber vi studentene delta i underveisevaluering, og med jevne mellomrom ber vi dem delta i en såkalt "periodisk evaluering" av emnet.

Rapporter fra periodiske evalueringer

Fakta om emnet

Studiepoeng

10

Nivå

Bachelor

Undervisning

Vår og haust

Eksamen

Vår og haust

Undervisningsspråk

Italiensk

Semestersider

Timeplan, pensum, eksamensdato